Som fisken i vatnet

Nyleg såg eg filmen «Soul» – Sjel. Mot slutten får me høyre ei lita historie som kan passe bra i dag:

Ein liten fisk sym opp til ein større fisk og seier: Eg prøvar å finne dette dei kallar havet. Havet, seier den eldre fisken, -du er midt i havet nett no! Dette, svarar den vesle fisken, dette er vatn! Eg ynskjer å finne havet!

Er eg ein slik, som ikkje ser havet for berre vatn? Tør eg sjå rundt meg å erkjenne at Himmelriket er her og no? Eg trur det er dette som kling mellom linjene når Paulus skriv: «Om en gjør seg nytte av denne verden, må en ikke gå opp i den; for hele den synlige verden går mot sin undergang.» (1. Kor 7,31) Kor ligg tyngdepunktet for oss når me høyrer desse orda? Ordet undergang grip oss, og dreg oss så alt for lett mot det redselsfulle. Mot fortaping. Fordøming.

Det ligg ein hang til redsle i menneskesjela, og Jesus veit dette. Det er difor han så ofte må sei: «Frykt ikkje», Det var med desse orda Jesus møtte Peter ved kallinga under den store fiskefangsten. Peter kasta seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg Herre, for eg er ein syndig mann!» (Lukas 5,10) Men Jesus svara «Ver ikkje redd». Det kan somme tider virke som om me kristne lever som om me ikkje heilt trur at Jesus meiner alvor. Vår trygge plass er så alt for ofte i otte og uro, redsle og tvil, sinne eller fortviling. Men Jesus ber oss berre om dette eine: Gje slipp på frykta. Du treng ikkje gå rundt å vere redd. Gjev det over, kom hit til meg, og kvil deg, gråt ut, og reins blikket.

Paulus ser både Jesus og verda med eit slikt forklåra blikk. Det er det same blikket som Jesus ser tilværet med når han seier: Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet! (Markus 1,14) Jesus seier ikkje «Vend om, elles ryk alt til helvete!» Han seier: Vend om og tru! Tru på det som er. Paulus deler Jesu perspektiv. Guds rike er her og no. Du plaskar rundt midt oppe i det! Ved openberringa i frelsesverket forkynner Paulus den røyndomen som Jesus leier oss inn i.

Dette er det store kast loss som trua vår inviterar til. Me er kalla til å la oss bere av den røyndomen som er her allereie, og som tek imot oss slik me er. John Legend kom for nokre år ut med ei poplåt kalla «All of me». For enkelte kan denne kanskje verke noko klissete, men i røynda kan me sjå ei spegling av Evangeliet i desse linjene. Han syng i refrenget:

Cause all of me loves all of you
Love your curves and all your edges
All your perfect imperfections
Give your all to me, I’ll give my all to you
You’re my end and my beginnin’
Even when I lose, I’m winnin’


Vågar me å tru at Gud elskar vårt ufullkomne eg, slik havet femner alt som finst i det? Tør me lene oss mot Herren i våre nederlag og med våre manglar? Vågar me å tru at når me kjem til kort, det er då Jesu kjærleik verkeleg lyser mot oss?

Ein som slit med Guds omsorg for alle er Jona. Han fekk eit oppdrag han motsette seg, og slik gjorde han si eiga reise lengre, men Guds plan henta han inn til hans oppgåve. Frå sitt Tarsis-skip vart Jona til slutt førd til Ninive, der han traska gjennom byen og ropa ut sin bodskap om bot og omvending. Problemet for Jona var at han var meir opptatt av profetien om undergang enn om at Guds løfte vart skjenkt alle som ville vende seg mot Herren. Her handla det ikkje om å ha rett men om å få rett!

Etter fullført oppdrag sat ein dritsur Jona under ein ricinus-busk og furta fordi det han hadde profetert ikkje gjekk i oppfylling. Då Gud kom og spurde kva som sto på svara Jona: «Eg veit at du er ein nådig og mild Gud. Du er sein til vreide og rik på miskunn, så du angrar ulukka. Men no, Herre, kan du ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.»  (Jona 4,2b-3) Og Gud slår ikkje handa av Jona heller, men svarar han som ein svarar eit furtent born: «Er du verkeleg så sint?» (Jona 4,4)

Det både Jona og me treng å sjå, er at profetien over Ninive, som alle profetiar som gud legg i munnen på profetane, ikkje vert gjeven som ein hemmeleg kode for fordøming, undergang og straff, men som ein pådrivar som skal riste oss ut av svevnen og vårt sjølvgraviterande tilvere, så me kan forstå at Gud allereie omgjev oss med sin trufaste kjærleik. Det handlar om å sjå.

Dette er ikkje å trø vatnet. Det er å la seg bere, og flyte fritt i det havet av Guds nærvær som omgjev oss no og i kvar augneblink av våre liv.