Sjå, eg skapar noko nytt


Når me ber for ein avdød i katolske messer, les me i eukaristisk bøn III om livet i oppstoda: «Da skal du tørke hver tåre av våre øyne, og vi skal se deg, vår Gud, som du er.» Me høyrer atterklangen av dagens lesning i desse orda. I Johannes Openberring seier stemma frå trona: «Han skal tørke bort hver tåre av deres øyne, og døden skal ikke lenger være til, heller ikke sorg eller jammer eller smerte – alt det gamle er forbi!» (Joh Op 21,4)

Dette er vegen Kristus har førebudd for oss, ved å gå dit disiplane ikkje kan kome. Ikkje noko menneskeleg offer kan måle seg med Guds Sons korsdød, men Gud skjenker oss gåva å få del i dette eine offeret, fordi me får del i Kristus sjølv. Kristi offerdød endrar alt, slik Johannes får høyre: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Ja, sjølv døden vert omskapt. Den utslettar ikkje meir, for Kristus utslettar døden og gjer han til ein kongsveg som leier like til Faderen. Difor kan også Kristus seie om seg sjølv: «om kort tid vil han stå omstrålet av Guds egen herlighet!» Disiplane forstår ikkje omfanget av desse orda før etter oppstoda. Det er fyrst ved den tomme grava at dei byrjar å gripe dimensjonane av den kjærleiken Jesus heile tida har forkynt. Den meiningslause døden er med eitt sprengfull av meining. For kjærleiken er sterkare enn døden, og ved lydnad og overgjeving når Menneskesonen sin triumf. Guds herlegdom strålar om han.

Og alt har sitt feste i det eine, nye bodet som vår Herre gjev oss i dag: Elsk kvarandre, slik eg har elska dykk. Det er ein kvalitativt ny kjærleik, som gjev alt ny meining. Vårt liv får ny meining. Vår død får ny meining. Me er omskapte og gjort til eitt med Kristus som gjev oss del i si grenseoverskridande kraft. Vegen ligg open. Oppstoda lever!

I dag kallar Gud oss til å gå den vegen. Å ta opp sitt kors er å ta vår eiga tru på alvor. Det er å ta ansvar, og tru på løfta som Gud gjev, ikkje som eit vagt løfte for ei fjern framtid, men som ein levande realitet som formar våre val og prioriteringar her og no. Det er å tru at me får del i den glansen som Faderen let lyse over Sonen. Det er å stole på at Guds herlegdom også dekker meg.

Det er no snart sju år sidan vår medbror Arnfinn døydde så brått i Nordmarka. Det kom som eit sjokk på oss alle. Døden greip plutseleg inn, og det vart så stille etterpå. Sjølv budde eg i Oxford på den tida. Nokre dagar seinare var eg og brørne her samla saman med provinsialen, Jean-Paul Vesco, som hadde kome frå Frankrike. Midt i den tyngande stilla sa han: No må me sette oss ned, og prøve å forstå kva som er Guds meining med Arnfinns bortgang. Det var eit spørsmål som det tok lang tid å svare på. For det utfordra ikkje berre spørsmål om meining i tomromet over han som var gått bort. Det utfordra også kva meining og kva oppgåve og kva fellesskap som skulle vekse fram for oss som sto att. Kva slags trekk var det Gud hadde gjort no? Kva slags guddommeleg spel var me del av? Arnfinns bortgang var ein rokade som fekk det til å skjelve på så mangt eit vis. Og berre etter lang tid, og over månader og år, kunne me ane Guds nyskapande Ande og trufaste nærvær som let det vekse fram ei ny framtid. Noko nytt, noko uventa.

Guds kjærleiksbod utfordrar og utviklar oss. Sjå, eg skaper noko nytt, seier Gud. Kristus har opna ein kjærleiksveg som gjer alle sider av livet, også døden, mogleg å leve. Skal me ta del i denne nyskapinga i fullt mål treng me også å gje avkall på det som held oss tilbake. Herren kallar oss til å døy bort frå oss sjølv, og frå synda som så lett tynger oss. Han kallar oss til sjølv å ofre, til å overgje oss til Faderens vilje, og slik ta del i Kristi kjærleiksoffer.

Me skal kaste av oss alt som ikkje er kjærleik, for slik å få djupare feste i det som består. Egoisme, sinne, hovmod og lammande frykt, alt kallar Kristus oss til å fri oss frå. Slik skrid me fram på den kongelege vegen som Kristus har lagt gjennom øydemarka til evig liv og kjærleik, til staden der ingen band er brote, til einskapen der alle er eitt.