Dagens tekstar leier merksemda vår i to retningar, og med slagkraftige one-linere får me meisla inn ein dobbelt bodskap. For det fyrste er me kalla til å ta ansvar. Sirak visdommens bok lyfter fram vår frie vilje, og seier at dersom me berre vil kan me fylgje boda:
«Foran seg har menneskene livet og døden; det de velger, skal de få.» (Sirak visdommens bok 15,16)

Formaningane til Jesus er ikkje mindre konfronterande: «Dersom dere ikke overholder Loven bedre enn de lovkyndige og fariseerne, kommer dere overhodet ikke inn i himlenes rike.» (Matt 5,20)
Ei anna oversetting seier «Dersom dykkar rettferd ikkje langt overgår rettferda til dei lovkyndige og fariserane…»

Mennesket har fått sin frie vilje, og ve den som ikkje tek ho i bruk! Mennesket har fått sannings gåve, og Gud kallar til rettferd, det vil sei: Me skal ferdast slik Gud ferdast, og den rette ferd hjå Gud er knytt til Guds eige vesen. Vår rette ferd er å handle utfrå slik vår Herre er. Det vil sei, med miskunn, sanning, tolmod og alle dei kjærleikens kvalitetar som Gud ber i seg. Og Jesus kallar oss til eit tydeleg og klårt språk.
«Si ‘ja’, når dere mener ‘ja’, og ‘nei’ når dere mener ‘nei’; alt ut over det er av det onde.» (Matt 5,37)

I møte med slike formaningar er det lett å kjenne på avmakt. Me tenderer til enten å gje oss over og hevde at me ikkje er sterke nok, eller også kan me verte freista til å bortforklare litt, skylde på kontekst og tid og stad, og slik få ein viss avstand til bodskapen.

Gud sjølv inspirerer mennesket til ei anna tilnærming, slik me høyrer i salmen i dag:
«Herre, lær meg din viljes vei, så vil jeg følge den for alltid.» (Salme 119,33)
Det er Gud sjølv som skal vegleie oss, som skal gje oss kraft til å velje rett. Det er dette som kjem opp i dagen ved frelsesverket.
«Hva intet øye har sett og intet øre har hørt, og hva som ikke er kommet opp i noe menneskes hjerte; alt hva Gud har gjort rede for dem som elsker ham» ((1. Kor 2,8)

Herren skjenker oss innsikt frå noko utanfor, eller skal me sei innanfrå oss sjølv. Gud fyller oss med kraft som gjer livet meir transparent, som gjer at me ser klarare, og kan velje friare. Guds Ande er på vår side, og avdekker det skjulte som treng å kome fram i dagen.
«For Ånden trenger til bunns i alle ting – selv dybdene i Gud» (1. Kor 2,10)

Det er angstskapande, men du verden kor frigjerande!

Me må samstundes spørje oss, slepp me Guds frigjerande Ande laus i våre liv? Vågar me å inkludere denne krafta i vår kvardag? Tek me sjansen på å tru, altså, verkeleg reikne med, at Gud ber oss når me siktar høgare enn det me trur me kan klare? Tør me, som Peter, å sei: «På ditt ord vil eg gjere det»? (Lukas 5,5)

Jesus sprenger rammene for den reint menneskelege fornuften, og kallar oss til å overstige oss sjølve. Å vere kristen er grenseoverskridande, fordi me faktisk vel å tru at der min fornuft, og der mine krefter kjem til kort, der fløymer Guds nåde, slik Herren stadfesta ovanfor Paulus: «Min nåde er nok for deg, for kraften fullendes i svakhet.» (2. Kor 12,9)

Dette spranget, frå reint menneskeleg fornuft til å nå det absolutte er, for å sei det med Kierkegaard, det store spranget ut på 70.000 favner. Skal menneske klare spranget utover seg sjølv, då held ikkje det menneskelege rasjonale. Ei slik overgjeving krev lidenskap! Kierkegaard formulerar det slik:

«Den objektive Uvished, fastholdt i den meest lidenskabelige Inderligheds Tilegnelse, er Sandheden, den høieste Sandhed der er for en Existerende.»

Lidenskap er eit trekk som går att når me ser tilbake på helgenskildringane gjennom historia. Og stadig strøymer det på nye stemmer, nye vitne, som lever ut si tru på grenseoverskridande måtar, som får folk i dag til å sperre augo opp. Eg tenkjer på stemmer som Chiara Corbella Petrillo, ei mor trebarnsmor som under dramatiske omstende som lot kjærleiken til det siste bornet ho bar i sitt liv få forrang for sitt eige.

Eller syster Clare Crockett, som høyrde til ein kongregasjon kalla “the Servant Sisters of the Home of the Mother” – som gav avkall på ein stor filmkarriere, og let Gud vise henne veg. Ein veg som enda i ei tragedie då ho saman med ei gruppe elevar døydde 33 år gamal i eit jorskjelv i Equador. Likevel lyser hennar liv mot oss i dag, med eit vitnesbyrd om korleis Gud kan omdanne og forløyse eit liv. Guds Ande er framleis særs virksam, og gjev oss førebilete i vår eiga tid.

No er det ikkje opp til oss å bli helgen, det er heldigvis ikkje noko me rår med i eige liv. Men det er opp til oss å gje Gud handlingsrom i vårt indre, og ved Anden velje det gode og det sanne, og slik bli levande vitne om Guds nærvær.
Chiara Corbella Petrillo