Ein gong eg var på ferie på Kreta vakna eg ein morgon og oppdaga at kameraet mitt var borte. Det var eit fullformat Nikon F700 med fleire gode objektiv, og så var plutseleg alt borte. Sjokket over tjuveriet var ein ting, men det som sat lengst i var uhygga over at ein framand hadde tatt kameraet som låg under ein meter frå hovudet mitt! Eg trur faktisk aldri det slapp heilt taket. Så korleis må Saul ha kjent det når hans viktigaste fiende har teke spyd og vasskrukke og nå står og ropar: «Herren løner den som er rettferdig og trufast.»

Har Saul vore rettferdig? Eller trufast? Nei, han har svikta venskapen han lova til David, og har lagt han for hat, eit hat som til slutt dreg han under. Det er i røynda David som viser truskap, og evnar å tilgje, som det frampeiket på Kristus som han er. Det er David som på dramatisk vis demonstrerer Guds kraft som Jesus forkynner i dag: å tilgje er å gje liv! Ved å legge alt i Guds hand, og ikkje sjølv sette seg til doms lever han det som Jesus i dag forkynner. David sparar Saul. Slik oppfyller han Jesu ord: Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk, velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk. (Luk6,27f)

Ein vil kunne hevde at eit slikt kvantesprang i å strekkje seg lenger overgår våre menneskelege evner. Mennesket kan berre ta så mykje, og likevel legg vår Herre dette på oss. Men så er me som kristne heller ikkje berre bunde av denne jorda. Paulus skriv til korintarane, om korleis den fyrste Adam vart skapt som «et levande vesen», mens den nye Adam, vart skapt som et livgjevande, åndeleg vesen. Det er mogleg vår medbror Erik Gunnes har teke seg vel mykje fridom i si omsetjing, i alle høve kan ein vel så gjerne sei at den fyrste Adam hadde ei levande sjel, medan den andre, Kristus, hadde ei livgjevande ånd. Og, held Paulus fram, «om me ein gong har bore biletet av det jordiske mennesket, så skal vi òg bera biletet av den himmelske.» (1.Kor15,45.49)

Å tilgje er å gje liv. Me skal late oss prege av Kristus og hans livgjevande ånd, slik at me kan gje dette til dei som treng det mest. Me skal omfamne dei som står oss imot, Skal me klare dette, og skal me verkeleg evne å elske våre fiendar, då er det naudsynt fyrst å vende blikket mot vår største motstandar. Han er langt vanskelegare å få auge på, og krevjande å kjempe ned. Me hugsar kanskje historia om Antonius sitt liv, han som vert rekna som grunnleggar av klostervesenet. Biografien vart skreve av biskopen av Alexandria, Athanasius, ein gong på midten av 300-talet. Her fortel Athanasius om korleis Antonius budde dei fyrste ti åra av sitt eremitt-tilvære i ei gravhole på ein kyrkjegard. Her kjempa han med demonane, før han slo seg ned i det aude ørkenlandet mellom Nilen og Raudehavet. Det var i denne fyrste tida Antonius vart konfrontert med sine største fiendar, livleg skildra i kunsten, mellom anna av Matthias Grunewald (1516).
Antonius kjempa mot alt i si menneskelege sjel som står Gud i mot. Gjennom bøn og askese viste han mot til å stå gjennom kampane mot den vonde, ikkje utan angst, men heller ikkje utan Kristus ved si side.

Saka er at skal me finne kraft til å tilgje våre fiendar må me fyrst gjere alt me kan for å gje dei beste veksttilhøve som me kan oppdrive for at den livgjevande ånd som Gud skjenker oss skal få bløme. Det nyttar ikkje å kaste seg ut i ei moralpreike om rett og gale dersom me ikkje fyrst har grunna over korleis me best kan verte styrka i vårt indre. Trua vår treng næring for å stå striden, slik at me kan stå fast som Kristi disiplar.

I boka si «The Holy Longing» skriv Ronald Rolheiser om kva som må kome på plass i kristenlivet om me skal pleie vår tru som Jesu disiplar. For det fyrste, seier han, må me dyrke bønelivet. Det handlar ikkje berre om å gå til kyrkja og gjere sine kristne plikter, men å ha eit nært, fortruleg, oppriktig og ope forhold til vår Gud. Me treng å søke han i lønkammeret, slik at me kan få kraft frå det skjulte åndelege livet når me går ut i kvardagen og det som fylgjer av alle opp- og nedturar.

For det andre, seier Rolheiser, må den kristne halde fast ved Guds bod. Eller sagt på dominikansk vis: Me må søke sanning i våre liv. Å ta boda på alvor er å ta Gud på alvor, og slik tek me også våre liv og vår tru på alvor. Vår bøn vert berre fullt ut sann når ho vert fylgd opp ved sanning i våre levde liv, indre bøn og søken etter sanning gjennom å etterleve boda og ransake livet sitt. Slik vert me forma til å vekse i den livgjevande ånd som Kristus ved dåpen og i trua skjenker oss. Frå denne krafta veks også sansen for miskunn og for rettferd. Gud er ein miskunnsam og rettferdig Gud, som vaker over enker, foreldrelause og framande, kort sagt dei svakaste blant oss. Det er også her me som kristne treng vår forankring i fellesskapen. Me er del i Kristi lekam, og verkeleggjer hans nærvær i denne verda gjennom at me saman søkjer å gjere Guds rike nærverande. Me skal søke hjartelag og tilgjeving, skape fred og i alle ting vise oss som eit Kristi eksempel.

Lat meg kome med ein avklaring før me rundar av: Om de no lurar på korleis det gjekk med det kameraet mitt på Kreta kan eg melde at eg fekk trening i å praktisere Kristi formaningar. Det viste seg at den stillfarande tjuven hadde avtalt spel med eigarane av staden. Eg fekk apparatet att dagen etter, med krav om finnarløn. Eg bladde opp, men eg må vedstå at eg kanskje ikkje klarte å gje dobbelt av det dei bad om. Eg bad for deira omvending til sannings veg. Men mest av alt kjempa eg med demonane som iherdig hevda at det heile var ein stor urett, og at dei burde svi for sine ugjerningar.

Gud har kalla oss til å gje vårt beste til våre fiendar. Det er krevjande nok. Men i dag kallar Herren oss til også å gje det beste me kan for oss sjølv, slik at Kristus får virke i oss, gjennom oss og for oss, til sjelenes frelse og Guds rike på jord.