Halvdagsseminar: Quo Vadis? Dominikanske fremtidsperspektiv

Laurdag 21. januar feira den dominikanske familien avslutninga av preikeordenens 800-årsjubileum. Når jubileet går mot slutten er det på tide å vende blikket framover, og tenke høgt om vegen vidare. Brørne i St. Dominikus var vert for dagen, og alle greiner av dominikanarordenen i Oslo var representerte: søstre frå Katarinahjemmet og Lunden, samt ei stor gruppe legdominikanarar, totalt nær 30 deltagarar.

Me nytta krefter for foredrag frå eigne rekker denne dagen, der sr. Agnes David Lalu frå Katarinahjemmet og fr. Ellert Dahl frå St. Dominikus kloster gav fine innspill til samtala etterpå.

Sr. Agnes lyfte fram korleis vår orden byrja ikkje som eit einmannsprosjekt, men som eit samarbeid mellom brørne.  «Dominikus sitt liv vart forma som eit svar på situasjonar han ikkje kunne forutsjå. Denne miskunnsrike mannen tente andre og lytta audmjukt til deira behov!» Les sr Agnes sitt foredrag på engelsk her: 170121 talk by Agnes David Lalu

Fr. Ellert lyfte fram det klassiske ordtaket for ordenen, Contemplata aliis tradere og heldt eit gnistrande foredrag der han lyfte fram nokre kjernepoeng i preikeordenen, og slik minna oss på ikkje berre kvar me kjem frå, men kva me bør hugse for vegen vidare for heile den dominikanske familien. Les pater Ellert sitt foredrag her: 170121 sammendrag av pater Ellert Dahls foredrag i anledning jubileumsavslutningen 21 januar

Etter fordrag og felles samtale stilte alle til sakramenttilbeding, messe og vesper før sosial avrunding av dagen. Dagen gav meirsmak, og me håpar på fleire samlingar med både den dominianske familien og alle som vil kan ta del.

Nokre glimt frå dagen i karusellen under.