FUNDAMENTALISME-GUIDEN
Av Arnfinn Haram o.p.

I Universitetsforlaget sin serie ”Hva er.?” har religionshistorikaren Torkel Brekke nyleg kome ut med sitt bidrag: ”Hva er fundamentalisme”. Etter å ha lese boka, er det freistande å spørje: Kva er ikkje ”fundamentalisme”? For denne boka er nok informerande, men også nokså sveipande og uvøren. Forfattaren gjer rett nok greie for problemet innleiingsvis; det er ikkje så lett å definere fundamentalisme-omgrepet slik at det vert presist. Hans versjon er: ”motstand mot forvitring av religiøs autoritet både privat og offentlig”. Dermed treff han noko vesentleg når det gjeld konfrontasjonen mellom religion og samfunn, særleg det vestlege, i vår tid.

Totalitær sekularisme. Men er all hevding av religiøs autoriet og kritikk av moderniteten utan vidare feil og ”fundamentalistisk”? Like unøyaktig vert det når han puttar i den same sekken alle som hevdar at deira heilage skrifter er Guds Ord, at familien er viktig, at borna skal vise ein viss lydnad mot foreldra og andre føresette. Er alle kyrkjer som ikkje utan vidare godtek den moderne familie- og seksualetikken å rekne som ”fundamentalistiske”? Eller som hevdar eit sjølvstende i høve til statsmakta? I så fall vil til dømes dei katolske, ortodokse og orientalske kyrkjene få denne merkelappen på seg.
Brekke hevdar at motstand mot sekularisering er eit sikkert kjenneteikn på ”fundamentalisme”. Då ser han berre for seg folk som ynskjer seg tilbake til religiøse einskapskulturar og religiøs dominans over samfunnet. Han har ikkje fått med seg at religionen kan ha ein plass i det offentlege romet utan å vere einerådande og privilegert. At der er ein mellomveg mellom total makt og total marginalisering, at det er skilnad på totalitær sekularisme og eit liberalt samfunn.

Forkledd pamflett. Sant nok nyanserer Brekke biletet ein smule i favør av religionen. Han problematiserer ein automatisk samanheng mellom ”fundamentalisme” og terrorisme. Han meiner jamvel at det sjølvsikre, sekulære samfunnet kan trenge eit ”alternativt blikk” på sine eigne idear og ideologiar. Fundamentalistar og religiøse kan yte legitim kritikk og ”deres bekymring har noe å lære oss”.
Seier Brekke, og det er sikkert oppriktig, men det fungerer mest som pynt på puddingen. Han røper sine aversjonar i språkstilen. Som når han skal skildre ”fundamentalistane” sitt tilhøve til den sekulære kulturen: Dei vil til dømes redde verda og menneska som lever ”der ute i synden” og det dei kritiserer, vert kalla ”ugudelige trender”. Alt saman henta frå det tradisjonelle, religionskritiske og kulturradikale vokabualaret, brukt for å stigmatisere og latterleggjere dei religiøse som bigotte og litt stupide.
Boka til Brekke gir eit bra oversyn over konservative tendensar innan mange religiøse tradisjonar og miljø. Han drøftar vesentlege problemstillingar, som religionen sitt offentlege comeback har reist – og han balanserer kritikken sin mot slutten av boka. Likevel er boka, med sine generaliseringar og sitt verdiladda språk, fyrst og fremst ein pamflett mot ukomfortabel religion, forkledd som opplysande sakprosa.
Arnfinn Haram o.p.

Morgenbladet, 12/10-08

Legg igjen en kommentar