I 1967 heldt Bøne- og arbeidsfellesskapen Kirkelig Fornyelse (KF) sitt fyrste kyrkjestevnet ved systerkyrkjene på Gran, Hadeland. Etter femti år med åndeleg og kyrkjeleg fornying vart KF i år lagt ned, og dermed vart det det siste kyrkjestevnet på Granavollen i regi av KF. Pater Haavar Simon Nilsen var hovudcelebrant under den katolske messa søndag morgon, og preika over eigne erfaringar og refleksjonar frå Gran.

Lesninger Herrens dåp

Første gang eg kom til kyrkjestevnet her på Gran i januar 1995 var eg som eit blankt ark. Nyomvendt à la Augustin hadde eg vanka litt i den norske statskyrkja, det var det tryggaste eg kunne ty til den gongen. Eg slang innom nokre pinsevener og vitja kanhende ei eller anna baptistkyrkje i Porsgrunn, men eg var til sjuande og sist lite kjent med det kyrkjelege landskapet i Noreg. Den katolske kyrkja låg langt utanfor horisonten.

Så hamna eg på Gran, og vart kylt rett inn i høgkyrkjeleg liturgi med fullt trøkk. Her var sentrerte eksentrikarar som Trond Kverno, Arnfinn Haram, Roald Flemestad og mange fleire, dei dreiv rundt i staffasjar og flagrande gevantar, liturgien var fylt av rungande malmfulle mannsrøster og kvinnlege sopranar som lyfte taket og dreiv fram alvoret, iveren, gløden, krafta. Møtet med Arnfinn vart ganske snart vart til skriftemål med Arnfinn. Ei svimlande erfaring for ein nyomvendt truande! For ikkje å gløyme salmevandringa. Og fordraga. Samtalene. Det leikne ungdomsmiljøet med sang og latter og manglande søvn. Det var summen av alt dette som greip meg, og den underliggande åndelege erfaringa i og gjennom alt saman – eg vart kasta rundt frå det eine mektige inntrykket etter det andre, det slo meg reint ut!

Mot slutten av denne fyrste helga på Gran kom me fram til søndagsmiddagen. Eg hugsar eg sa til Arnfinn: Det er tøft å vere her. «Åh ja, hehe, ja kult, stilig, tøft» svara Arnfinn. Nei, Arnfinn. Det er tøft å vere her. «Å ja, ja… hmmm, tøft ja, ja tøft!!» Sa han med djupt alvor, mest i ein bekymra tone. Arnfinn forsto å tune seg inn!

Men kva var det som var tøft? Det var summen av det heile. For dette stevnet har jo vore så mykje i alle desse åra. Som nokon sa når me kom hit for denne siste helga denne fredagen: For liturgikarane var det eit oppkome av liturgisk utfalding, det var ein verkstad og ei inspirasjonskjelde for kyrkjemusikken, til glede og nytte for mellom anna organistar og kantorar, her var teologiske foredrag og drøftingar som femna det meste; trusspørsmål, ekklesiologi, kyrkjepolitikk, sakramentsforståing, salmefelleskap, og det me i sum kan kalle den store felles sjelesorgen. Det var noko for alle, og ein stad for fornying. For i og gjennom alt dette vart dei som kom gripen av Gudsnærværet, ei åndeleg kraft som overgjekk den enkelte. Mange som har kome til kyrkjestevnet på Gran har opplevd det som ei openberring.

Me har nyleg feira epifani, stadfestinga av Jesu kome til vår jord. Og i inngangsorda til Herrens dåp som me feirar i dag står det:
«Da Herren var blitt døpt, åpnet himlene seg, og Ånden, lik en due, senket seg over ham, og Faderens røst sa: Dette er min Sønn, som jeg har kjær, han som har all min yndest.»

Me lærer at kristentrua er ein openberringsreligion. Her på Gran fekk me erfare det. Mange av oss som tok del her vart overvelda av Guds kraft som greip inn i livet, som drog inn alvoret, som ein atterklang av det bibelske språket slik me til dømes høyrer det salmenes bok:

Kom og sjå alt Herren har gjort,
han som gjer skremmande ting på jorda!

Hald opp! Kjenn at eg er Gud.
Eg er opphøgd over folkeslag, opphøgd på jorda.
(Salme 46: 9, 11)

Det var den skremmande Gud som manifesterte seg her oppe, som openberra seg. Eg tenkjer ikkje då på bråhissige ordskife mellom teologar, eller liturgiansvarlege som fræste oppe i koret. Men det var eit heftig nærvær. Me fann ikkje ein slik pinglete alt-er-greit-Gud her, men ein som utfordrar, som kallar, og som ventar på svar. Endeleg ein møtestad der Gud er Gud.

Gran var ikkje eit kyrkjesamfunn. Og når stemnet var over sto ein famlande tilbake i ein kyrkjeleg kvardag som stilte fleire spørsmål enn det gav svar. Ein vart på mange vis skubba lengre ut i myrkret. Men her på Gran, og i dette miljøet, fekk me ei erfaring som kunne gje retning, halde fast trua, utfordre vala. Quo vadis? Kvar går vegen? Det spørsmålet førte mange av oss til dette altaret og til den katolske messa me feirar i dag.

Gud har vore verksam i si openbaring gjennom Granstemnet. Slik han ynskjer å vere det kvar stad og til kvar tid når han vert påkalla og tilbeden. Han har skjenkt oss gåver her som har forma oss og vist oss veg. Det ber med seg eit ansvar. For gjennom dei åndelege og mellommenneskelege erfaringane her oppe har me vorte vitne til Guds virke, hans kall, hans bud og hans kjærleik. Det forpliktar. Er me vitne, ja, då må me også vere villige til å vitne. Me er kalla til å vere røyster som vitnar om og viser til Gudsopenberringa me sjølv har tatt del i. Me står framfor den skremmande Gud, som sier: Du står på heilag grunn. Ein Gud som grip handa mi og gjev meg ein veg å gå.

I det perspektivet er dette ei takkseiingsmesse for Guds verk gjennom desse særs verksame 50 år. Må den signinga som Gud har skjenkt alle her vere verksam og fruktbar både no og for tida som kjem. Og må han halde fram å vise veg og by oss ein heilag veg å vandre vidare fram på.