”Er det ikke nok å se at en hage er vakker uten å være nødt til å tro at det finnes alver i enden av den også?”

Ei bok med ein slik opnings-vignett får sjølvsagt alle mine fordomar til å galoppere. Her er heile massen av antireligiøse og antiklerikale argument samla mellom to permar. Her er samandraget av alt det vi har høyrt før; frå Peter Wessel Zappfe, Arnulf Øverland, Kristian Horn og Humanetisk Forbund til Hedningesamfunnet og gamalkommunistisk religionskritikk. Her har vi ein ”Summa anti-theologica” og sjølve Den store Boka om at Gud ikkje finst. Tenkjer eg, dreg pusten djupt og tek til å lese.

Og stort sett slo det til. Dette var ikkje noko nytt. Ingen må rekne med at ein munk skriv ei objektiv og gravalvorleg melding av ei bok som dette. For dette er ein katekisme for gudsfornektarar og må lesast som det.

Dawkins verk har fleire satsar. I den fyrste delen av boka vender han seg særleg til folk som eigentleg er ateistar, men som ikkje vågar ”å stå fram” på grunn av det sosiale trykket. Dette røper boka si amerikanske adresse. For kvar elles er det slik at det plutseleg har vorte så vanskeleg å vere ateist? Ateistar: ut av skåpet, våg å vise at du kan vere rett i ryggen, fri og frank også som ateist! Einstein var ikkje truande, dersom du skulle tru det! Heller ikkje den store Thomas Jefferson (som rett nok var slaveeigar). Stalin og kanskje Hitler var ateistar, men det var ikkje difor dei gjorde ein del dumme ting. Informerer Dawkins. Så vere ikkje flau for å vere ateist!

Denne ”alltid-freidig-når-du-går”-tonen er typisk for stilen i denne boka. Dawkins er biolog, men fyrst og fremst professor for ”Den offentlege forståinga av Vitskapen” (les: naturvitskapen). Den stakkars ateismen kjenner seg truga av religionens nye framrykkjing, og Dawkins trør til for å styrkje den ateistiske moralen. At dette er å slå inn opne dører på vår side av Atlanterhavet, er ei anna sak. Sjølvsagt er det dumt dersom amerikanske fritenkjarar kjenner seg uthengde og forbodne av høgrøysta harry-kristne, men veldig stor medynk får dei ikkje av meg.

Dei neste kapitla toppar seg i påstanden om at Gud ”nesten sikkert” ikkje eksisterer. Skaparverket (orsak!) er så komplisert at ein skapargud må vere endå meir komplisert. Kort sagt: Dersom Gud har skapt verda, kven har då skapt Gud? Slike spørsmål – som einkvar konfirmantlærar har høyrt tusen gongar før – syner det moderne mennesket si manglande evne til å tenkje seg noko utanfor den synlege røyndomen. Gud må då fylgjeleg anten vere ein enkel amøbe og altså ute av stand til å ”designe” noko så innvikla som verda – eller så avansert at han sjølv må vere ”designa” av nokon. Transcendens og metafysikk har så lenge vore forsømt i den moderne danninga at vi ikkje lenger kan tenkje oss ein skapande Gud som noko anna enn ein slags ingeniør i kjempeformat.
Vi kjenner ikkje lenger Den levande Gud som ”trunar over kjerubane” og er høgre og annleis enn alt han har skapt – og som har ”skapt Leviatan til å leika seg med”, som ”gjev føde til dyra og til ramnungar som ropar.” ”Det naturlege utvalet” (eller ”det naturlige utvalgs usynlige hånd”, slik Dawkins dawinistiske panegyrikk ordlegg seg ein stad) er Gud god nok for Dawkins. Eg er samd i at det forklårer svært mykje, men ikkje at det finst ein Godleik, ein Venleik og ei Sanning som er ein røyndom i seg sjølv og som strålar ut frå alt som er til.

For Dawkins er alt slikt berre sublime ”namn” på medvitstilstandar som har forma seg over lang tid, som alt anna. Også ”det menneskelege” er ein slik konstruksjon, eit nomen. Eit foster – er det eit menneske? ”Sekulære moralister spør heller: ’Om det er menneske eller ikke, spiller ingen rolle (hva har det å si for en ansamling celler?) Ved hvilken alder blir ethvert forster i utvikling, uansett art, i stand til å føle lidelse?”. Eg spør meg sjølv om ikkje denne boka heller burde heite: ”The Man delusion”.

Kunsten kan også greie seg godt utan religionen, hevdar Dawkins. Tilfeldigvis var det kyrkja som var rik og mektig nok til å vere kunstmesen i si tid. Synd at det var kyrkja og ikkje ”et gigantisk vitenskapsmuseum” som var oppdragsgjevar for Rafael og Michelangelo, seier han; då ville vi fått eit evolusjonistisk takmåleri som ville vere like mektig som freskene i Det sixtinske kapellet! Eller, seier han òg; førestell deg berre Mozarts ”Det ekspanderende univers” eller Haydns ”Evolusjonsoratorium”! For Dawkins er dette ein draum; for andre er det eit mareritt. Heldigvis har han skamvett nok til å stanse før han kjem til Bach.

Noko så dumt som religionen er det sjølvsagt lett å bortforklåre og Dawkins vier eit heilt kapittel til dette. Religion er ”en tilfeldig bieffekt – en klikk i noe nyttig”. Det kan vere tillit til autoritetar, lojalitet mot ein partnar, evne til positiv ynskjetenkjing – alt saman såre nyttig som ”survival of the fittest”, heilt til den slags tek til å leve sitt eige liv og utvikle seg etter sin eigen sjølvlegitimerande logikk. Vips har vi dei store religiøse tradisjonane! Ei strålande forklåring. Og kva så? På meg, som truande, verkar ho bere komisk i all sin nedlatande og psykologiserande ”Besserwissen”.

Ingen religionskritikk utan side opp og side ned med katalogar om kor slem den kristne Guden og alle gudar er. Og kor slemme alle er som trur på dei. Så òg med Dawkins. Korleis ei mangetusenårig forteljing, sjølv som heilag skrift, skulle sjå ut for å falle i smak hjå moderne moralistar, kan ein berre lure på. Personleg held eg ein knapp på Mose steintavler framfor Dawkins alternative truismer, som t.d.: ”I alle ting, streb etter ikke å påføre skade; behandle alle medmennesker, alle levende ting og verden generelt med kjærlighet, ærlighet, trofasthet og respekt; lev livet med en fornemmelse av glede og undring; forsøk alltid å lære noe nytt…” Kvifor har eg ikkje lese denne boka før?

Dette får halde. Det er likevel freistande å nemne sluttkapitlet der Dawkins, vel vitande om at ateisme kan synest litt umysteriøst og fattigsleg, forsikrar oss om at det tvert i mot er eit liv fylt av undring over Vitskapens fortidige og framtidige landevinningar og at det ”voksne standpunktet”, i motsetnad til det barnslege og religiøse, ” er […] at livet vårt er meningsfylt og akkurat så rikt og vidunderlig som vi selv velger å gjøre det til.”

Boka er langdryg. Både form og innhald tilseier at ho gjer seg best i bolkar, til høgtlesing på ateistiske festsamkomer.

Legg igjen en kommentar