I går feira me Allehelgens dag, og pater Ellert malte opp ein vakker himmel av helgner som skinande stjerner som lyser for oss og over oss. Det er den sigrande kyrkja som strålar gjennom apostlane, kyrkjefedrene og -mødrene, det er martyrane og kvardagshelgenen, kort sagt, alle dei me prisar og rosar for eit særleg nådefullt liv. Eller som ein av dei unge som går her i kyrkja sa det; Allehelgensdag er liksom kyrkja sin hausttakkefest!
Dagen i dag ber preg av ein annan klang. For kva med oss, me som går her og traskar i støvet? Og kva med den store skaren som aldri vart omtalt som dei strålande, dei skinande, men i beste fall blei sett som eit brukbart stykke leire som i det minste kunne bere nokre dropar vatn? Kva med våre kjære som har gått bort, og som kanskje ikkje var av dei lettaste å ha med å gjere, dei som ikkje vart rost som dei snillaste av Guds born?
Alle sjelers dag er dagen då me minnest og ber for dei mange som har stridd striden som livet er, og som no er overgjevne til Guds nåde. Me ber for dei av den enkle grunn at kjærleiken aldri avskriv noko menneske. Og kjærleiken bind alt og alle saman i vårt tilvere. For me er bundne saman, og det let seg skildre på to måtar: For det fyrste er me som menneskeslekt ein, stor familie. Kvart menneske me møte stiller oss på val om å sjå den andre som vår neste. Dette gjeld i livet, og gjennom døden, fordi me trur på livet etter døden. Slik Menneskesonen gjev sitt liv for alle menneske, slik ser me vår oppgåve å be for alle menneske, både i og utanfor kyrkja.
For det andre er me som kristne på ein særleg måte smidd saman ved dåpens band, me er innpoda på det same treet, og me har alle barnekor, eller som det meir presist står i evangelia, sonekår i den eine sonen Jesus Kristus. Denne sakramentale røyndomen sprenger dødens grense og fyller oss med håp om ein gong å skulle sjå kvarandre att.
Men kanskje kjenner me også på ei uro i denne stunda. Ei uvisse på om me faktisk får sjå kvarandre. På Det norske teatret går no Peer Gynt, og i denne framsyninga er det knappestøyparen og Peer som ser tilbake på tilveret, og på korleis Peer har ført sitt liv, med alle sine manglar, all si angst og flukt frå smerta, gjennom det lystige og overflatiske, jaga mellom bøygen og trolla. Og Peer vil hente bevis for eit rettlevd liv, men knappestøyparen trugar med at Peer må støypast om, for her var ikkje verken riktig vondt eller godt, berre unytta potensiale og ulevd liv gjennom ugjorte val. Knappestøyparen står der som domaren, ja som Gud sjølv. Er dette bilete av den kristne Gud? Risikerer me å gå til grunne på domens dag?
Ibsen manar fram eit alvor som krev vår merksemd. Me skal ikkje forsøme livet og dei vala me vert stilt på. Men Gud kallar oss ikkje til redsle heller. «Frykt ikkje» vert Jesus ved med å seie. Ver ikkje redde. Nei, me er ikkje kalt til frykt på denne dagen, men til audmjuk overgjeving og til å opne oss for alvoret av vårt liv og vår tru. For den Gud me vedkjenner oss til er kalt både kjærleik og sanning, og i kjærleik og sanning vart me forma og elska inn til dette tilveret me kallar livet. Gud kallar oss til einskap med seg, og kvile i hans nærvær i være liv. Så lat oss omfavne Pauli sine ord og Guds trufaste venskap, og lat oss i bøn og tru vekse i tryggleik på at ingenting «skal kunne skille oss fra Guds kjærlighet, slik som den har vist seg i Kristus Jesus, vår Herre», verken for oss eller for dei som har gått før oss…