Forma av miskunn

I 1904 hadde ein gong ein liten gut ein draum. Han drøymde at han møtte jomfru Maria, som tilbaud han to kroner, ei kvit og ei raud, symbola på reinleik og på martyrdom. Han valde begge! Maria forlot han så i draumen, medan ho smilte varmt til han.

Trettisju år seinare, den 14. august i 1941, gjekk draumen i oppfylling. Presten og fransiskanaren Maximilian Maria Kolbe døydde etter å ha tatt plassen til ein annan fange som hadde vorte dømd til døden konsentrasjonsleiren Auschwitz.

Ved denne handlinga verkeleggjorde Maximilian Jesu ord når han seier; «Ingen har større kjærleik enn den som gjev sitt liv for sine vener». Korleis kunne Maximilian gjere dette? Korleis er det moglege å velje døden, når han heller kunne velje livet? Sanninga er at Maximilian valde ikkje døden. Han valde kjærleiken, både til Gud og til sin neste. Det var ikkje ei handling som sprang ut av motløyse eller fortviling. Det var ei miskunnshandling, forma av eit liv i tru og bøn. Han overgav seg til den ytste form for venskap, den som gjev alt for sin neste.

Forteljinga om denne moderne helgenen kan virke fjern for oss. Det var ekstreme tilhøve som me heldigvis står fjernt frå i dag. Likevel utfyller Jesu ord og  Maximilian si handling kvarandre som eit sterkt vitnesbyrd om det å overgje seg sjølv i Guds miskunns hender. Kristi ord og Maximilian sitt val overgår menneskeleg rasjonale, og kallar også på oss til å overgå oss sjølve. Det er ikkje slik at dette ikkje vedgår oss. Tvert imot. Me er kalla til å fylgje Kristus, og til å fylgje hans eksempel. Kristenlivet ber i seg kallet til å stadig overgå oss sjølve, til å strekkje oss lenger, til å gje meir, og slik bli Kristus stadig meir lik.

Dette kan me realisere i dagleglivet, ved å gje avkall på oss sjølve og våre sjølvfokuserte liv. Kallet startar ikkje med ei heltegjerning, men i det små, her og no. Så la oss be om Kristi kraft til å forme oss, slik Maximilian let seg forme, og slik han i sin tur også forma livet til menneske rundt seg, både konkret i fangeleiren, og for oss som vender oss til han i forbøn.