Ansvarleg tru


Dagens tekstar formanar oss til å ta ansvar. Me skal halde Guds lov. Me skal vere lydige. Og me skal vere budd til ei kvar tid, vakne og med blikket retta mot vår Herre. Og samstundes erkjenner kyrkja at tru er noko Gud sjølv skjenker oss ved Kristi krossoffer og ved Anden. Me står derfor i eit paradoks, der me med Augustin erkjenner at trua er ei gåve frå Gud, som me ved nåde tek me i mot og veks inn i, slik at trua blir til vår eige. Og samstundes kviler verkeleggjeringa av trua på oss, på korleis me fører oss og våre prioriteringar.

Kanskje ber denne drøftinga preg av lutherdomen som har uttrykt stor vegring for såkalla gjerningsteologi gjennom 500 år. Stadig kjem ein over utsegn om at ein ikkje kan gjere seg fortent til frelsa. Eller som det heitte i mottoet for reformasjonsjubileet i den norske kyrkja: Frelsa er gratis. Nåden kan du altså ta imot kva tid du vil. Og her ligg også catchen: For sjølv om Guds gåver er aldri så tilgjengeleg må ein faktisk gjere noko her også: ein må jo ta i mot. Korleis me enn snur og vender på det synest det som om me ikkje kjem unna ein grad av eigeninnsats…

Likevel er det sikkert at krava som me får presentert i dag ikkje spring ut av gjerningsteologi eller frykt. Gud formanar oss ikkje til å vere underdanige vesen som i alt skal bøye seg for overmakta. Charles Peguy er ein forfattar som evner å lyfte fram det vesentlege, i det han legg orda i Guds munn:

«Jeg trenger ikke ufrie tjenere, for min makt er allerede kjent. Man vet utmerket godt at jeg er den allmektige.

Men i min levende skapning, sier Gud, ville jeg noe bedre, noe mer.
Noe uendelig meget bedre, noe uendelig meget mer. Jeg ville friheten.
Jeg skapte selve denne frihet. Min trone har mange trinn.
Når man engang har erfart hva det er å være elsket fritt,
Da ønsker man ikke lenger å underkaste seg noen.»

Det er kanskje denne fridomen mennesket strevar aller mest med. Vår eigen samtid ber preg av den stadige vekslinga mellom å ville vere fri, og samstundes fråskrive seg ansvar. På den eine sida skal ingen kome og fortelje meg kva eg skal og ikkje skal, det er mitt eige val. Og samstundes ser me offermentaliteten falde seg ut, som ei mental gift som dreg meg bort frå ansvaret for meg sjølv, og dermed frå den fridomen som Gud vil me skal vekse i.

Difor er me kalla vel så mykje i dag som før til å sjå sant på oss sjølve, og opne oss for sanninga i og om vårt eige liv. Me seier ikkje med Pilatus: Kva er sanning? Me seier: Lat meg opplyse av han som bur i mitt indre, Han som kallar seg vegen, sanninga og livet. Lat fridomen få vekse i oss, og gjere oss stadig meir fullkomne. Peguy skildrar denne veksten av fridom, som Guds avglans i våre eigne liv:

«Ettersom deres frihet er refleksen av min frihet,
Liker jeg å finne noe visst uventet hos mennesket,
En refleks av min ufortjente nåde.
Jeg liker på en måte at de ikke bare ber fritt,
men likesom tilfeldig.
Jeg liker at de faller på kne, ikke bare fritt
Men likesom av seg selv.

Endelig liker jeg at de holder av hverandre, ikke bare fritt
Men slik det faller seg.»

Me er kalla til fridom, ikkje av den sjølvsentrerte sorten, men den forma for fridom som Gud sjølv kviler i.
Lat oss difor kjempe for å realisere den røyndomen Gud allereie har lagt ned i oss, det sanne eg’et som Gud vil me skal leve ut. Sanninga om oss sjølve vert verkeleggjort gjennom våre handlingar, våre prioriteringar. Der ligg også vår fridom. Der ligg den sanne trua.

Tekstar for 19. søndag i det alm. kirkeår år C:

http://liturgi.info/19._s%C3%B8ndag_i_det_alminnelige_kirke%C3%A5r_(%C3%A5r_C)