For dei som har prøvd seg på å spele tennis veit me at nokre gonger kan det vere lurt å halde litt att. For om ein slår ein skikkeleg hard serve risikerer ein å få ballen overraskande hardt attende. Det er nett det som skjer i dagens evangelium. Farisearane går hardt ut ved å sende ut sine eigne disiplar, og spør Jesus: «Er det tillate å betale skatt til keisaren eller ikkje?» Returen er dei ikkje budd på: «Kva betalar DE skatten med?» Responsen på deira retoriske grep avslører både at dei allereie betalar skatt til keisaren, og at dei brukar myntane med seglet av Cesar, noko som ville gjere ein praktiserande jøde urein om han skulle fylgje forskriftene. Så for å sei det med tennis-språket er det altså «thirty/love» i første sett!

Men Jesus dveler ikkje ved dette overtaket. Han lyfter perspektivet, og kallar dei som er ute etter han til å rette blikket mot Gud. «Gjev keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.» Det er som om han seier: Stå ikkje der og grav deg ned i ditt eige, gjer ikkje Thoraen til ein arena for billige poeng, men lær å kjenne den Gud som kallar.

Slik me høyrer det i teksten frå Jesaja i dag. «Enda du ikkje kjente meg» har eg gjeve deg eit heidersnamn. Enda du ikkje kjente meg har eg spent beltet om livet ditt. Dette er ikkje skildringa av ein Gud som krev at me er fullkomne før han kjem oss i møte. Dette er den fullkomne Gud som femner oss lenge før me fattar omfanget av kven han er. Dette er Herren som lyfter oss, som lyfter sitt folk til å stå som eit vitnesbyrd for sanning, kjærleik og audmjuk tru. Han vil sjølv spenne om oss og vise oss veg, og gje oss kraft til å gå ut som levande vitne for den levande Gud.

Gud utrustar si kyrkje og sitt folk ved sin salva, sin Kyros, som elles kan tyde både sol og arvtakar. Og han er då også begge delar, den nye sol som renn i aust, og som opnar for oss portane til Guds rike, det rike me får del i som Guds born.

Dette er ein bodskap som me særleg kan halde fram på denne verdensmisjonsdagen. Men korleis skal me uttrykke dette på konkret og lettfatteleg måte? Å «gje Gud kva Guds er» er ikkje nødvendigvis like lett å seie. Det ligg noko tilslørt i vår tru som gjer at me mange gonger vert litt mållause og tafatte. Kvifor kunne ikkje sanninga om Gud openberre seg direkte, ope, universelt?

Sanninga er at Gud formidlar sine universelle sanningar i ein målestokk som mennesket kan fatte. Nemleg den menneskeleg. For å bruke Pilatus sine ord: Ecce homo – sjå det mennesket. Dette eine mennesket, Jesus Kristus, formidlar sanning, fred og formanar til å gje slipp på frykt. Det er nett dette som er sjølve kruxet i trua. At Gud ikkje formidlar seg gjennom eit konsept eller ein idé, men gjennom eit menneske, det heilt konkrete.

Så snart ein nærmar seg inkarnasjonsmysteriet vert mennesket konfrontert valet om å ta alt på alvor. New-age har eit gudsomgrep som ikkje krev noko, det litt gud her og litt der. Mennesket er freista til å halde den konkrete Gud på ei armlengdes avstand. På akkurat så stor avstand at Gud ikkje krev noko av meg. Dette ser me også i Johannesevangeliet, der halvparten av disippelskaren forlèt Jesus då han talar om å ete hans lekam og drikke hans blod. Men for oss finst ikkje denne avstanden. Så snart me har tatt inn til oss røyndomen om Gud og om Guds nærvær i skapnaden, vert me også konfrontert med vårt eige liv. Når dette vesle brødstykket vert den inkarnerte Kristus, då er det ikkje lengre ein universell ide. Då er Gud her og no. Og då vert alt anna også her og no. Då står du ovanfor Kristus i alle ting: i denne eine fattige. I denne flyktningen. I en ven som lid. Og då kan me heller ikkje late att augo for dei strukturelle mekanismane som skadar det sant menneskelege og fornektar velferd som inkluderer alle. Då vert vårt kall til forkynning altomfattande.

Gjev keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til. Me skal samarbeide med Gud om dette doble programmet, både i verda og i Anden. Mennesket er ikkje ein passiv skapning, men ein medskapar i å gjere Guds rike nærverande. Me er alle kalla til å virke som reiskap i Guds hand, slik at med ved Guds rettleiing kan forme denne planeten til å finne si sanne form, ein stad der fred, venleik og det fullendte kan få utfalde seg. Me kan avslutte med pave Frans si bøn slik han ordla seg i slutten av encyklikaen Laudato Si:

Allmektige Gud, du er til stades i heile universet
og i dei minste av dine skapningar.
Du femner ømt alt som lever.
Gje oss krafta av din kjærleik,
slik at me hegnar om liv og venleik.
Fyll oss med fred slik at me kan leve
som brør og systrer utan å gjere andre vondt.
Å, Gud åt dei fattige, hjelp oss å berge dei einsame og bortgløymde i denne verda,
desse som er så dyrebare i dine auge.
Skjenk oss lækjedom i våre liv,
slik at me vernar om verda vår, og ikkje fortærer ho,
at me må så det som er fagert, ikkje forureining og øydelegging.
Rør ved hjarta
til dei som berre søkjer vinning utan omsyn for dei fattige og for jorda vår.
Lær oss å sjå det verd som finst i alle ting,
verte fylt av svimlande undring og sjå inn i djupna av ditt verk,
og lat oss vekse i erkjenninga av at me er djupt knytt til
til alt det skapte
medan me ferdast mot ditt evige ljos.
Me takkar deg for at du er med oss kvar dag.
Me ber deg, gje oss styrke og mot i vår kamp
for rettferd, kjærleik og fred.