Miskunns rikdom

Om me hadde lese inngangsverset for denne sundagens messe hadde me høyrd desse orda:

Alt du har gjort mot oss, Herre, har du gjort i rettferdighet, for vi har syndet mot deg, og vi har ikke fulgt dine bud; men herliggjør ditt navn, og gjør med oss etter din miskunns rikdom!

Dei to sønene i dagens evangelium har begge grunn til å be denne bøna. For sjølv om den eine gjekk, og den andre vart att gjorde begge feil. Begge motsa seg farens vilje; den eine med det same, den andre til slutt og med større konsekvensar. Sjølv om utfallet vart forskjellig bar dei begge ein motstand i seg. Dei klarte ikkje å sei spontant som i bøna: «Gjer med oss etter din miskunns rikdom!»

Den eksistensielle lengtinga etter den fulle og heile overgjevinga ligg djupt innbygd i menneskesjela. Den speglar seg i alle sjikt av vår kultur, som til dømes i popkulturen og den svenske låta «Svag», der lengten ligg som ei bøn:

Våga släppa taget nuSluta vara rädd för att bli sårad Det är så det måste va

Ja: Det er faktisk slik det Må vere! Kristentrua har på radikalt vis opna for at kvart einskild menneske skal kunne gje seg over til Gud i tillit og utan frykt. Jesus Kristus er den som på fullkomen vis overgjev seg sjølv og si vilje til Faderen. Ved hans fullkomne ja lyfter han oss inn til eit heilt nytt samliv med Gud. Me vert invitert inn til, og får del i, ein Gudsrelasjon som berre kallar på ein ting: vår fulle overgjeving.

Me seier gjerne at vår vilje skal klinge saman med Guds vilje. Me skulle heller søke å overgje heile vår vilje til Gud. For dersom Gud vil gje oss del i fylden av sin miskunns rikdom, kvifor skal eg då halde att? Kva er vel mitt liv og mitt vit og vilje målt opp mot Guds heile vesen? Hjarta lengtar etter den fulle einskapen, der eg vert møtt og sett, og ført på ein veg mot ljos og fred. Eg lengtar etter miskunn.

Likevel held me att. Ei slik overgjeving er ei tillitshandling som me ofte kjempar med. Å gje heile seg sjølv over krev full tillit til at eg blir tatt imot. Men kven vil ta imot heile meg? Det er inga lett øving å overgje mi eiga indre avmakt og uverdige sjølv. Me kjempar med å femne og anerkjenne vårt fattige indre, og me er på uttrygg grunn når me let nokon inn i vår inste sfærer.

Og me kjempar med å overgje vårt eige ego. Gamle Adam (og Eva) vil ha kontrollen sjølv, og rynkar på nesa med opne eller skjulte sjølvrettferdiggjerande protestar når kyrkja sin fellesskap erkjenner at «jeg har syndet meget i tanker og ord, gjerninger og forsømmelser, ved min skyld». Jau då, tenkjer me, eg har synda, men det er dei som er verre enn meg. Jau då, det var gale det eg gjorde, men jammen hadde eg litt rett og?!»

Me samanliknar oss så altfor ofte, og unnskylder oss. Me vil ikkje dvele ved vårt eige uverdige eg. Jesus, den luringen, tok liksom innersvingen på alt og alle når han hang med horer og uærlege menneske. Han demonstrerte på høgst konkret vis at han var uinteressert i vår sjølvhevdande sjølvverd. Han vil ha vårt sanne, uverdige indre opp i dagen, lagt fram i ljoset, overgjeven til Gud.  Me gøymer og dekker oss, overser eller avviser sanninga om vårt eige ufullkomne indre. Kvifor det?

Når me ikkje har tatt steget inn i den djupare, intime relasjonen til Gud, når frykta får råde og tillit ikkje får vekse fram, då nølar me med å ta spranget inn i Guds famn. Sjølvsagt gjer me det. For me treng å la oss fylle av eit Gudsbilete som kan tole oss, tvers igjennom. Me treng å nå inn og bli kjent med ein Gud som kan bere heile oss. Me treng å erfare Guds forlating, slik kvinna som salva Jesu føter. «Den som lite får tilgjeve, elskar lite» forklåra Jesus dei som var til stades. Skal vårt mål av kjærleik vekse treng me å sleppe inn Guds tilgjeving i fullt mål. Me treng det levande møtet med ein Gud full av miskunn og kjærleik, ein som toler alt!

Gud inviterar oss til miskunns rikdom. Richard Rohr spør i boka Breathing under water: “Du vil aldri overgje di vilje og ditt liv til nokon annan Gud enn ein som er kjærleiksfull og nådefull. Kvifor skulle du ville det? Me no som du veit, kvifor skulle du ikkje ville det?»

27. søndags tekstar år A:

https://liturgi.info/26._s%C3%B8ndag_i_det_alminnelige_kirke%C3%A5r_(%C3%A5r_A)