Elskar du meg?


Då eg var liten var eg medlem av Åmdals Verk IL, der eg trivdes godt med skihopping. Eg «bånna» til slutt bakken, og sette personleg rekord på 24 meter. (liten bakke) Ein vårdag mot slutten av sesongen gjekk det over stokk og stein, snøen var laus i solsmeltinga, og i unnarennet skar skia ut. Eg hamna i ei snøfonn med hovudet langt innunder snøen. Langt inni den skavlen hende det noko eg aldri har gløymd. Lukta av den våte vårsnøen var heilt lik den eg kunne kjenne frå elva der me plaga å bade om sommaren. Med eitt var eg i elva med lukta av vatn og varme svaberg og steikande sol og elvesus. Eg blei sittande og halde på den kjensla som var så levande og så surrealistisk. Det var fortid og notid i same stund, og framtid fordi eg ynskte meg frå vår til sommar med det same. Det er det næraste eg kjem bilokasjon i livet mitt trur eg. Eg vart i alle fall teken ut av tid og rom for nokre sekund.

Eg trur Peter kjenner noko liknande, om enn med andre forteikn, i dagens Evangelium. Han sansar at noko er i gjere, før han kan uttrykke det med intellektet. «Kast garnet». Har han ikkje fylgt ei slik ordre før? (Luk. 5,4) Den gongen kasta han seg ned og ropte; «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» (Luk. 5,8). No kastar han seg i vatnet for å gå sin Herre i møte. Der på land kjenner han lukta av kolelden. Johannes nyttar dette ordet berre ein annan stad, natta då Peter fornektar Jesus. Den karakteristiske lukta av kol som brenn må ha fylt Peter med eit bittert minne. Og så måltidet. Herren som bryt brødet, og deler ut. Minne som strøymer. Mirakelmat, med tolv kurver til overs. Det siste måltidet på øvre sal. Ta og et alle derav. Og no: Herren sjølv, den oppstandne!

Det er eit møte mellom det som har vore og det som skal kome i Peters liv. Og no sit han her, ved Jesu føter, og kjenner smerta frå sitt eige svik. Men Jesus konfronterer han ikkje med dette med det same. Han held måltid med han, eit utvitydig uttrykk for einskap og fellesskap. Det er fyrst etter måltidet at Jesus tek for seg Peter, og om ein les dei neste linjene av evangeliet etter dagens tekst forstår me at Jesus og Peter vandrar åleine, berre fylgd av Johannes som går eit stykke bak. Det er Peter og Jesus som gjeld no. Det er fortida til Peter som vert konfrontert med han som kallar seg vegen, sanninga og livet. Det er dei gode minna og dei bitre minna som vert halden fram for Peter, og Jesus som spør:
Elskar du meg?
Det er det eine spørsmålet som Jesus stiller. Det einaste som verkeleg tel for han. Og for Peter. Og det er, når det kjem til stykket, det einaste spørsmålet som gjeld for oss.
Elskar du meg?

Liva våre kretsar rundt eit punkt til ei kvar tid, og det er no. Alt me er, og alt me gjer, kan me berre gjere her og no. Fortid og framtid er bundne av no’et, og begge modus vert forma av denne timelege, flyktige augneblinken. Det er nesten skremmande å tenkje på kor avgjerande det er, men i ansvaret kviler også moglegheitene. Me kan forme vår framtid, og me kan lege vår fortid. Frans Kafka sa ein gong at mennesket er berre ansvarleg for det arealet fotbladet dekker. Det er det faste punktet i vårt tilvære, men eg må vedgå at eg stadig misser fotfeste. Det er som når eg gjekk skikarusellen i Åmdals Verk IL: Eg trår feil, og når eg skal rette meg opp hender det jammen at eg trår feil enno ein gong. Fiskebein-gang i brattbakken var aldri noko for meg.

Det er det feilbarlege livet Jesus kjem i møte hjå Peter. Han forkastar han ikkje. Han vender han ikkje ryggen. Han kunne bytt han ut. Gjeve Johannes plassen som den fremste av apostlane. Han har vist seg trufast og kjær heile vegen. Han er den som har forstått. Han er den som ligg nærast Jesu bryst under det siste måltidet…

Men Gud er ikkje slik. Gud ser våre liv frå æva sitt perspektiv. «Mine dager ble dannet før en eneste av dem var kommet.» (Salme 139,16) Gud har ein plan med liva våre. Han brukar skrøpelege kar, ja, han synest mest å trivest med det. Moses var lite talefør. Jona var lite lydhør. Sakarja mangla tru. Gud brukar meg som eg er. Han kan gjere det, for frelsesverket er hans eige verk, og me får del i det ved hans nåde. Difor les me og i dagens kyrkjebøn: «Gud, du livets Herre, la ditt folk alltid juble nå da sjelen igjen er blitt ung. Du har skjenket oss gleden ved å være gjeninnsatt i barnekårets herlighet.»

Herren er ikkje avhengig av menneskeleg styrke. Han forventar ikkje at me er fullkomne. Det skal han sjølv føre oss til. Han treng berre vår vilje til å kome han i møte når han spør:
Elskar du meg?