Den Sæle

Sist eg sjølv song dette evangeliet var ved båra til vår medbror Arnfinn Andreas Haram. Ris kyrkje var fullsett, og eg sto høgt der oppe på preikestolen skruda som diakon, og song kvar linje langsamt medan eg kjente ein uendeleg fred. For denne evangelieteksten er ein tekst med fred, ein bodskap om håp, og det var dette som klang så klårt i Ris kyrkje denne solfylte junidagen. Freden kom ikkje til meg fordi eg tenkte at Arnfinn på ein fullkomen måte i livet sitt hadde oppfylt saligprisingane. Som om dei skulle vere etiske krav som me enten lukkast eller ikkje lukkast i. Skjønt, når det er sagt har eg alltid tenkt at Arnfinn fekk eit rikt mål av Guds gode gåver, til glede og styrke for oss som kjente han og for mange andre. Men skulle saligprisingane stå som ein målestokk på oss og vår etiske standard, ville ikkje då orda verte til domsord? For me ville vel alle svikte idealet i mindre eller større grad. Er vel eg alltid “fattig i ånden”? Kor audmjuk, miskunnsam og rettferdig er eg? Har eg eit reint hjarte?

Utsegna i saligprisingane finn ikkje forløysing om dei primært skulle rette seg mot Arnfinn eller oss. Utsegna har ikkje det ufullkomne som objekt, men den fullkomne, han ved kven alt er skapt. Det er Jesus sjølv som vert skildra i dag. Han er det fullkomne mennesket, fattig i Ånden, overgjeven i Gud, det er han som har sin heim i himmelen. Det er Messias, Guds Son, som forløyser verda, som lyfter oss inn til full og saliggjerande einskap med den trifaldige Gud. Det er òg Kristus som skin gjennom orda i salme 146. Herren fører oss på ein kongsveg, og løyser oss frå det som bind. Han rettar den nedbøygde, gjev den blinde synet tilbake og hjelper dei undertrykte. Han er “namnet over alle namn”, som utfrir og frelser, og som dermed grunnfester håpet vårt og gjer trua trygg.

Det er ikkje den stolte og kraftfulle som står som ideal for det fullkomne mennesket i Guds auge, men den som søkjer den audmjuke livshaldninga. Jesus er vårt føredøme og vegvisar, og når han i Evangeliet i dag teiknar bilete av det kristne ideal veit me at han sjølv går føre og viser veg. Saligprisingane er dei truande sitt livsprogam, rettesnora for våre val og prioriteringar, der me vert eitt med vår Herre. Å fylgje Kristus er å overgje seg, forlate seg på Herren, late Gud råde i vår kvardag. Det handlar til sjuande og sist om å overgje seg i lydnad, og ta kampen opp der me vert freista til å stå imot Kristi veg.

Vil me gå den vegen veit me at den er svært konkret. Me har som grunnleggande kristenkall å fjerne gapet mellom vår tru og vårt kvardagsliv. For det er i kvardagen trua vert prøvd. Det er her kampen står, og det er i møte med dei nære relasjonane at eg viser kor audmjuk eg verkeleg er. Me kan spørje oss sjølv: klarar eg å sjå mine nære, og møte dei med kjærleik og omsorg, eller sagt med eit anna ord, med offervilje? Gir eg veg for andre, eller set eg meg sjølv fremst? Er eg merksam og open for å møte behova frå dei rundt meg? Tek eg meg tid til ettertanke, til å sjå inn i dei djupare laga, både i meg sjølv og dei eg står i relasjon til?

Kvar gong me lukkast i å overvinne motstanden mot det gode i vårt indre, og kvar gong me utviser sann lydnad mot saligprisningane, då ber det i seg ein siger har langt vidare konsekvensar enn berre det umiddelbare, konkrete. Når me brørne her i klosteret gjev slipp på steile ord og motvilje mot kvarandre, når ektefeller elskar og respekterer kvarandre (gjennom heile livet!) i lydnad mot løfta dei har gjeve, og lever i ope og fullstendig truskap, når vener gjev rom for kvarandre på djupna, då vert me eit med den sæle i saligprisningane. Kvår gang ein lukkast i dette gjeld det ikkje berre den enkelte situasjonen eller relasjonen. Då gjeld det heile verda. Då gjeld det verdas frelse. Då sprenger Gudskrafta seg inn i vår tid, gjennom våre liv. Det er grensesprengande å lukkast! For godleiken er grensesprengande, og ber i seg vekst som ved Guds nåde leier oss mot himmelens rike. Det som byrjar her og no.

Det var eit fullgodt løp Arnfinn la bak seg. Ikkje fordi han ikkje kunne levd lengre, ikkje fordi han var i mål med alt han kanskje ynskte, men fordi han ved vegs ende kunne kvile i saligprisingane sin bodskap, i Kristus sjølv. Så lat oss strekke oss etter denne freden i våre liv og leve frimodig og offervillig, inntil me ein gong kan kvile, frelste i vår Frelsars famn.