Fullkomen i den fullkomne

I dagens tekstar står motpolane steilt mot kvarandre. Signing og forbanning, ve-rop og saligprisingar stig fram slik at me kan velgje. Svara verkar opplagt. Me ynskjer oss vel ein trufast Gud framfor ustadige menneske? Me tvilar vel ikkje på oppstoda? Og kva med ve-ropa og saligprisingane? Me ynskjer ikkje å leve overmette på oss sjølv? Me vil vel at Gud verkeleg skal vere Gud i våre liv.

Men det opplagte er likevel ikkje alltid like opplagt. For å sette det litt på spissen: Det at ein aldri har krasja bilen ein køyrer, betyr det nødvendigvis at ein er ein god sjåfør? Eller for å ta eit bilde frå mitt eige handverk: Det å bygge eit hus er vel ikkje det same som å bygge ein heim. Å leve trufast i eit forhold er noko anna enn å berre vere gift med nokon.

Skilnaden i alle desse døma står mellom å overhalde lovar og reglar, og å oppfylle og på fullkomen vis søke å leve ut boda sin intensjon. Dette er ve-ropa og saligprisingane sin djupe klangbotn, og djupast kling dei i han som forkynner det.

For Jesus er han som kjem for å oppfylle lova. Me høyrer klangen av dette i skriftene, når hendingane i Jesu liv vert tolka av forfattaren: «For alt dette skjedde for å oppfylle skriftene.» Slik finn me det når Matteus skriv om bodskapen til Maria (Matt 1,22) den heilage familien si flukt til Egypt (Matt 2,15), då Jesus reid inn i Jerusalem (Matt 21,4) og då han hang på krossen (Joh 19,36). Heile Jesu liv er oppfyllinga av dei profetiane og løfta som Gud har gjeve sitt folk. Og han lever lova på fullkomen vis, ikkje i form av å overhalde boda, men ved å leve dei i deira djupe intensjon, der målet ikkje er plikt men kjærleik. Det eksempelet som Jesus lever ut, og som me får vere vitne til, er i seg sjølv svimlande.

Men her er noko større. Jesus viser ikkje berre trua sin veg ved sin livsførsel. Han oppfyller ikkje berre ein profeti ved sitt liv. Jesus er i seg sjølv fullkomen, og han fullkomengjer alt ved seg sjølv. Han oppfyller Guds pakt med Israel. Han bryt skilet mellom Gud og menneske ved påskemysteriets offerdød og oppstode, slik Paulus så insisterande held fram i fyrste korintarbrev i dag.
Kristus lever det overgjevne livet, og han har akkurat gjeve eit døme på det i og med han har vore med disiplane i bøn på fjellet heile natta før. Han er ikkje mett på seg sjølv. Han skyr ikkje smerta livet byr på, men legg alt i Guds hand.

Den største gåva av alle er at han fritt inviterer oss til å leve våre liv i Herren. Me er skrøpelege kar, det er difor Gud gjev oss så rik ei gåve: ved vår dåp og vår tru sprenger me oss gjennom dødens band til ein ubryteleg relasjon til Gud sjølv. Slik går profetien i oppfylling når profeten Esekiel ber fram Guds løfte: “Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden. Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.» (Esekiel 36, 26f) Me vert gjort fullkomne i den fullkomne. Me vert helga ved den Heilage.

Med det perspektivet som grunnlag kan me orke å sjå på våre eigne liv med eit sannare blikk. Let eg kvardag og vane sløve blikket mitt, eller ser eg verkeleg dei som står nær meg? Let eg frykt styre min val, eller audmjukar eg meg, tek eg mot til meg, og opnar eg for ljoset i meg sjølv og dei rundt meg?  For min eigen del kan egentlig spørre: Bur eg i eit kloster, eller lever eg i ein kommunitet? Gjer eg det eg kan for å bygge ein verkeleg heim?

Ved Jesu frelseverk har me fått ein ny veg å gå på. Det er ikkje fortida Jesus siktar mot i dagens evangelium, men det som ventar. Ve-ropa kling ikkje over det som framleis er mangelfullt i oss. Dei kling over motviljen mot ikkje å ville la seg omvende og fornye. Herren kallar oss i dag til djupare venskap med Gud, med kvarandre og til oss sjølv. Og han kallar oss til eit nærare samliv og til å leve saman med han, ikkje berre som om me lever under same tak, men i ein felles heim.