Vigilien til Johannes døyparens fødsel

Mor mi fortalte ein gong ei historie om systra mi. Dette var den gongen me budde på Vestlandet, då eg var heilt liten. Systra mi var kanskje fem år, og ho hadde vore ulydig, og ikkje gjort det ho fekk beskjed om. Til sist sa mor mi irritert: «Men si meg, hører du ikke etter da?». Og systra mi svara med tynn stemme på vestlandsdialekt: «Jamen eg har så små ører eg!»Ho har nok vokst det av seg med åra. Spørsmålet er: har me det? Tek me til oss djupna i bodskapen frå røysta frå audemarka? Ser me ljoset som glitrar bakanfor domsorda og dei strenge formaningane? Opnar me oss for gåva som Johannes held fram for oss når han seier: «Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde.» Nåde over nåde.

Johannes gjev tilværet retning, skjerpar blikket, og viser oss at livet ikkje er eit vilkårleg åk, men har ei bestemt retning

Johannes døyparen vert feira som høgtid, ja så stor er denne festdagen at hans fest til og med trumfar søndagen, om dei to skulle treffe på same tid. Og i motsetnad til den store flokken av heilage er det ikkje dødsdagen til Johannes me feirar i dag, men hans fødselsdag. Ei slik kyrkjeleg feiring delar han berre med Jesu mor og Frelsaren sjølv. Kvifor denne store æra til ein som sjølv seier: «Han skal auke, eg skal avta.»

Det kan berre finne sitt svar i det særeigne kallet som Johannes har fått og lever ut. Døyparen står no som på Jesu tid som ein brannfakkel og tenner liv i Kyrkja. Han manar fram dei spørsmåla som me før eller seinare vert konfronterte med i våre trusliv: Høyrer me etter? Vender me om? «Midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner» seier han. Kjenner me han att?
Johannes er røysta som openberrar sjølve meininga med skaparverket. Han gjev tilværet retning, han skjerpar blikket, og viser oss at livet ikkje er eit vilkårleg åk, men har ei bestemt retning. Det er fyrst når disiplane høyrer Johannes sei: «Sjå, Guds lam», at dei vender seg mot Jesus og spør kvar han bur. «Kom og sjå» svarar Herren. Kom og sjå det Johannes allereie har sett. Kom og bli fylt med den Anden døyparen allereie auser av. Kom, og legg deg i min famn, hjå meg er fred og frelse.

Når me gjer det, då kan også me sei som Johannes, som ei spegling av vår eiga Gudserfaring:

«Eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»

 

– fr. Haavar Simon OP