Brør og systre! Etter å ha høyrt tekstane i dagens liturgi, kunne vi seie at kyrkja har ein sosial dimensjon. Men det ville vere for lite. Kyrkja er ein sosial realitet, eit sosialt, ja, eit politisk rom! Kyrkja er ein fellesskap, eit samfunn.

På mange måtar er storsamfunnet rundt oss blitt eit kvasisamfunn, ein kvasifellesskap. Der er det Mammon,pengemakta, den materielle makta, som rår. Samfunnsmaskineriet, både offentleg og privat, er komplisert og velorganisert – men på mange måtar er vi blitt ein flokk med individ som skal bruke samfunnet til å verkelegjere seg sjølve. Vi er konsumentar som skal forbruke. Vi lever i ein marknad, ein verkeleg supermarknad og vi er i ferd med å gjere heile verda til ein slik supermarknad. Ikkje minst i det globale perspektivet gjeld verkeleg desse orda frå lesinga: ”Hør, dere som tråkker fattigfolk ned og gjør ende på de hjelpeløse i landet!… Dere kjøper småkårsfolk for penger, en fattig stakkar for et par sko…”

Også dei truande blir sugde med i denne måten å vere samfunn på – fordi kyrkja er blitt åndeleggjort: alt det kroppslege, alt det sosiale, alt det politiske er blitt overtatt av den sekulære staten. Kyrkja får kanskje lov å ta seg av litt ufarleg moral, litt kjensler og stemningar, til høgtidsbruk..

Men kyrkja skulle vere eit verkeleg samfunn, ein communio, ein polis, ein civitas, ein by! Guds by, Guds folk, Guds familie. Ja, ho skulle framstå som det ho ER: Kristi kropp! Og dermed høyrer også våre kroppar, vårt sosiale og faktiske liv med til det å vere kyrkje! Det at vi er katolske kristne, skulle vere avgjerande for vårt soisale liv, vårt politiske liv. Då blei det ikkje så lett for andre makter, pengemakta ikkje minst, å snurre oss rundt fingeren eller ha oss som lydig kveg på båsen.
Då ville vi skjøne at vår ”mammon”- vår materielle kapasitet, vår eigedom – fyrst og fremst skal investerast i «det felles gode». Det vi har, er nemleg eit felles gode, vi er forvaltarar, vi skal dele det som eigentleg tilhøyrer alle fordi det tilhøyrer Gud”: Mi er jorda og alt som er på henne”, seier Gud i ein av salmane. Dei materielle resursane skal brukast til det som byggjer oss opp som fellesskap, som ein stor venskap i Gud. ”Bruk det bedragerske gods til å skape dere venner som tar i mot dere i de evige boliger, den dag det tar slutt”, seier Kristus i Evangeliet! Og den ”venskapen” omfattar ikkje berre menneska – nei heile skapningen skulle vere vår ven: Jord og himmel, fjell og hav, skog og mark, dyr og fuglar, englar og erkeenglar, kjerubar og serafar: heile Guds ”økologi”,Guds ”økonomi” dvs: Guds hushaldning.

Brør og systre; vi tener anten Gud eller mammon, seier Herren. Mammons teneste bryt ned livet vårt, bryt ned kropp og sjel, bryt ned fellesskapen, bryt ned skaparverket – bryt ned Nordpolen! Måtte heile livet vår, alle våre resursar, meir bli prega av at vi tilhøyrer eit anna rike enn ego-samfunnet. Å vere kristen, er ikkje å ha eit ”livssyn”, eller visse kjølege ”prinsipper”, liksom på innerlomma.- Det er å tilhøyre kjærleikens fellesskap, hans kyrkje, som er Jesu Kristi konkrete kropp i verda.

Legg igjen en kommentar