Ånd og sanning
Lesninger 3. søndag i fasten år A
Evangeliet i dag ber vitnesbyrd om ei usedvanleg kvinne, eit menneske som trass alle sine manglar står som eit førebilete for å gripe trua. Fortellinga om den samaritanske kvinna startar ganske kvardagsleg, ved ein brønn under ei steikande sol i middagstimen. Jesus bed om vatn, det verkar mest som eit påskot for å kome i tale med ho. Han veit kven ho er, og det demonstrerer han ved å avdekke sider av livet hennar som ho truleg helst vil halde for seg sjølv. «Du har hatt fem menn, og han du har no, er ikkje din mann.» Langsamt let han ho forstå kven han er, og han avdekker samstundes kven ho er, på godt og vondt.
Korleis plar menneske reagere når Gud kjem nær? Vert det jubel og glede? Takksemd og fred? Som regel ikkje. Som regel vert menneske forskrekka, uroleg, skamfullt fordi det vert minna om sitt syndige vesen, alt det ufullkomne som pregar menneska sine liv i tankar og gjerningar. Når Gud i Gamle Testamentet viser seg for Abram kastar han seg til jorda (1. Mos 17,3). Når Moses forstår at det er Gud som talar til han frå den brennande busken gøymer han andletet sitt i redsle (2. Mos 3,6). Når Peter etter den store fiskefangsten innser at Jesus er Herren kastar han seg for føtene hans og seier «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» (Luk. 5,8). Kven er eg, seier menneskesjela. Kva har Gud med meg å gjere, eg uverdige menneske.
Slik er det ikkje med samaritanarkvinna. Med sitt mot, sin intelligens og intuisjon anar ho noko meir. Ho vil vite kva slags vatn Jesus talar om. Ho vil vite kven Gud er, og kvar ho skal tilbe. Ho vil møte Messias. Ho har, trass sitt lastefulle liv, ein djup, underliggande lengt retta mot Gud.
Den samaritanske kvinna vert audmjuka av Herren. Men ho vik ikkje. Ho let seg audmjuke. Hennar vilje til å sjå sanninga gjer at ho vert ståande med blikket vendt mot Kristus. Ho meir anar enn forstår krafta i Jesu ord. Her gjeld ikkje lengre brønnvatnet som skriv seg heilt tilbake til Jakobs tid og patriarkane, frå no er det dåpsvatnet som gjev liv. Her er ikkje Jerusalems tempelkult, men tilbeding ved Den heilage Ande. Og her er sanninga som set fri.
Kanskje er det særleg sanninga som pregar kvinna mest, som leier ho til tru og overgjeving. «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort!» seier ho til landsbyfolket, «kan han vera Messias?». Ho grip frå fyrste stund paradokset i det å nærme seg sanninga. Skal me klare å sjå Gud i sanning må me også sjå oss sjølve med det same, sanne blikket. Sanninga er smertefull for oss menneske, for ho stiller oss åsyn til åsyn med våre djupe sår, våre skjulte sorger, våre synder og vår skam. Sanninga kan djupast sett berre verte teken imot i miskunn og nåde, som gåve utan fordømming men med fridom og i trygg forvissing om at Gud inviterer til evig venskap ved sin forsonande kjærleik. Gud kallar oss slik til å sjå oss sjølve slik han gjer. Med miskunn.
Kvinna ved brønnen høyrer dei forløysande orda som får ho til å vende seg bort frå sitt rastlause liv. Orda som får ho til å legge bak seg mannen ho ikkje har rett på, saman med dei fem ho har hatt frå før, for å gje seg til den sjuande mannen; den fullkomne, den miskunnsame, den frelsande og forløysande mannen, Jesus Kristus, Guds Son.
Frelsaren er med eitt heilt nær. Slik han er heilt nær her i dag. Han talar til oss, i ord og handling ved den forløysande, livgivande liturgien. Han frir oss frå alt som held oss tilbake i trua, og gjev seg sjølv i gåve til oss: «Dette er min lekam. Dette er mitt blod.» Han held fram for oss våre liv, ikkje fordømmande, men i miskunn, og seier: «Fred etterlèt eg dykk. Min fred gjev eg dykk.» Så lat oss opne våre hjarte og la Jesu ord trenge inn i vårt indre. For han står deg heilt nær og seier: «Det er eg, eg som snakkar med deg» (Joh. 4,26)