Under studietida hadde me årlege samlingar for unge preste- og ordenskandidatar frå heile Norden, og ein gong møttes me i Osnabrück i Tyskland (- det var tross alt Ansgarswerk som finansierte morroa). Då me vitja museet for kyrkjeskattar må eg vedgå at eg vart ganske brydd. Langs veggane sto kalkar i gull så store som ti-liter bøtter, pepra med edelsteinar og sirlig ornamentering over det heile. Ein av dei mest prangande skreiv seg frå høgmellomalderen, og tidligare eigar: Dominikanarane. Eg kikka nærare på ornamenteringa og skjøna at denne kalken hadde aldri vore nytta, ikkje eit merke eller ripe å spore nokon stad. Det var frukta av dekadente medbrør frå ei svunnen tid som skulle bevise at dei hadde meir makt og betre kontaktar enn fransiskanarane over gata. (Deira kalk var forresten like stor!)
Midt i rommet sto ein pidestall med den største monstransen eg til då hadde sett, eit himmelsk syn, eit fyrverkeri, men huff tenkte eg, kor åndeleg tomt. Inntil eg gjekk heilt nært på. Då såg eg at all ornamenteringa i foten var slipt heilt bort. Denne skatten hadde tent si gjerning; nemleg det å halde opp og fram det mest høghellige og verdifulle me har: Kristus sjølv.
I vår kristne tru kokar i grunn alt ned til dette eine nødvendige. Lev me for oss sjølv, eller er liva våre fylde med lengt etter å vere sete for Kristus? Er me monstransar – kristus-bærarar – som me kan finne slitemerker på fordi me gjev oss i teneste for han som ber alt? Eller er me nedstøva kalkar med feil adresse for det som er sant vakkert? Drar me blikka frå andre til oss sjølv, eller speglar blikket vårt Han som alle treng å sjå?
Kristus er prismet som me er kalla til å sjå verda gjennom. Og kanskje kan det vere vanskeleg å tenkje korleis det let seg gjere i praksis. Det kan vere at filosofien kan hjelpe på det spørsmålet. Eg har nyleg lest boka «Øyet og ånden» av Maurice Merleau-Ponty, som skildrar det mysteriet det er å sjå ein malar feste røyndomen til lerretet. Gjennom penselstrøka er det ikkje slik at malaren kopierer det han ser. Han fyller ut og gjev form til det me ser og det me ikkje ser. Han speglar fleire lag av røyndomen enn kva vitenskap og rasjonale kan makte. Merleau-Ponty seier sjølv: Malerkunsten gir eksistens til det som det profane syn holder for usynlig. (Maurice Merleau-Ponty; øyet og ånden (1964/2000)
Kunstnaren tek del i verket, frå auget til handa, og i dette fyllest verket med ånd. Kanskje skulle boka like gjerne heitt «Øyet, ånden og hånden». For handa, og dermed handlinga, fangar det som auge ser, men vert fødd på ny i målarens ånd. Kanskje er det nettopp difor Paul Klee med sin surrealistiske og naivistiske stil innleia teksten på sin eigen gravstein ved å seie: «I det dennesidige er jeg ikke til å fatte.» Og kanskje er det også difor Mikkel B. Tin i etterordet av boka understreker at «ånden, og kun ånden, kan fullstendiggjøre de inntrykkene vi mottar ufullstendig gjennom sansene.» (Øyet og Ånden 1964/2000, etterord av Mikkel B. Tin)
På Corpus Kristi feiring finn dette sin eigen relevans: For når me ser mot hostien, når me lyfter Kristus opp for våre auge, då vert denne verda, og våre eigne liv, fullstendiggjort og komplette. I alt vårt tilkortkomne og mangelfulle gjev Kristus seg sjølv til oss, slik at me på fullkomen vis skal kunne gje oss over til Han. Hans nærvær heilagar vår veren; våre blikk, våre ord og våre handlingar. Me kunne omskrive Merleau-Ponty sine ord og seie at det er Kristus som gjev eksistens til det som det profane syn held for usynleg. Me vert verkeleg fødd på ny i Kristi nærvær. Kristus fullstendiggjer oss, og slik vert våre auge fylt med Jesu blikk. «Ved ham ble alt skapt» seier vårt Credo, og ved Han lærer me å sjå det fullkomne i alt det skapte.
Difor er denne festen ikkje dagen for å stire ned i vårt indre grums, der me gjerne gremmast over det me skulle sett var annleis. I dag lyfter me blikket, og prisar han som ved våre blikk, våre ord og våre hender har kraft til å endre denne verda, også oss sjølv. Festen i dag er hyllinga av Kristus og hans frelseverk, og vår takkesong for hans nærvær i vårt indre. Så får det heller vere at me ikkje skin så glansfullt som me sjølv helst hadde sett. Og kanskje heller hugse at det er betre å vere ein liten slitt kalk, ein patena med nedslite forgylling, som kanskje ikkje briljerer, men som kan vere sete for han som gjev alt nytt liv.