Nokre gonger i kyrkjeåret vert me lyfte opp på fjellet, slik Peter, Jakob og Johannes vart då Guds herlegdom lyste kring Jesus. Dei vart overskygga av den lysande skya – i seg sjølv eit paradoks som underbyggjer det overnaturlege i denne hendinga – og høyrde orda frå Faderen som seier: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!» (Matt. 9,5)
Disiplane høyrer. Dei vert forma, gjennom bøn og lovprising, dei får Den Heilage Andes kraft, og står fram som kraftfulle vitne om det verk Gud gjev oss del i ved frelsa i Sonen. Dei fyrste disiplane vert sjølv målbærarar av Kristi røyst, ei stemme som kling gjennom historia, og som finn si stadeigne stemme ut frå samtida ho vil trenge inn i.
Når me i dag feirar våre dominikanske helgenar er det nettopp denne røysta me lovprisar gjennom dei mange systrer og brør som på kvart sitt vis har gjeve Kristus rom til å forkynne den gode bodskapen om Guds rike blant oss. Dei er kjente, og dei er ukjente. Nokre vart historiske skikkelsar som me kan lese om og frå, medan andre glei under radaren, som infraraudt ljos du kjenner varmen av men ikkje ser kjelda til.
Mangfaldet i preikeordenen er ei stadig kjelde til inspirasjon. Likevel ligg ikkje dei største verdiane bak oss. Den dominikanske helgenskaren har ein eigen evne til å vende blikket frå fortid mot framtid. Det er eit samansett panel som ikkje rosar seg av seg sjølv, og dei ber ikkje oss om å gjere det heller. Det er langt heller ein utfordrande skare som får oss til å spørje: Kvar går me no? Korleis når me ut med forkynninga der me står? Kva laster skal me nedkjempe i eige liv? Kva moglegheitar skal me gripe? Kva fornying skal til, kva er kallet for kvar av oss, og ikkje minst for våre kommunitetar?
Medan eg satt og skreiv denne preika ringte provinsialen meg, Nicholas Tixier, og lurte på korleis det gjekk her i Le grand nord. På ti minutt hadde me snakka om stoda ikkje berre her på huset eller byggeprosjektet, me rakk også å snakke om brør, kommunitetar og provinsar på fleire kontinent. Det er eit privilegium eg stadig let meg gripe av: Me er ein verdsomspennande orden, me står ikkje åleine. Vår misjon er verda! Me er meir enn kvar einskilde kommunitet, og vår horisont strekkjer seg vidt både i tid og rom.
Det er litt som tidebøna: Kanskje kling det litt rusten på dei mest forkjøla dagane i koret her, men me gløymer aldri at me er del av eit langt større kor, som fyller vår jord med bøn til kvar ei tid.
Me finn også att denne globale dimensjonen når me hugsar på den dominikanske hunden som spring jorda rundt med fakkelen i kjeften. Det flammande ordet skal ut, og me skal målbære den stemma som som våre brør og systrer på underfullt vis har fylt vår klode med gjennom hundreåra. De kan for øvrig meditere over dette når de ser den nye muren opp trappa her ute, der me har fått vår eigen dominikanske vaktbikkje i relieff. Så måtte flammen brenne i oss, halden i live av Guds nåde og våre helgenars forbøn. Me kan jo sei det slik som det sto på den gamle Jøtul-ovnen heime i stua der eg vaks opp:
Eg grev ned min eld, seint um kveld
når dagen er slut, Gud gjev min eld
aldri slokna ut.