Preike for første søndag i fasten
St. Johannes katolske kyrkje, Groruddalen.

Når me no feirar fyrste søndag i fasta rettar me blikket mot den åndskampen som truslivet ber i seg. Me høyrer i Evangeliet i dag om korleis Jesus går i nærkontakt med djevelen, og korleis han står i mot alle freistingar. Jesus fastar i førti dagar og førti netter, og evangelisten merkar seg at mot slutten av fastetida vart Jesus til sist svolten. Det er ein tilleggsopplysning som alltid har fått meg til å dra på smilebandet. Ikkje utan humor, han Matteus. Eg plar kjenne svolten allereie i 11-tida på askeonsdag.

Det hender frå tid til annan at slik direkte åndskamp mellom Gud og djevelen vert skildra i Bibelen. Eit døme er frå 1. Samuelsbok, då filisterane tek paktskista frå Israelsfolket og stiller henne opp i tempelet attmed guden deira, Dagon. Det vert ein Gudekamp der i tempelet, og Dagon-statua vert velta kvar natt og vert etter kvart meir og meir øydelagt. Israels Gud går sigrande ut av kampen, og langsamt veks det fram ei monoteistisk erkjenning i Israelsfolket: Det finst berre éin Gud, og denne Guden er Herren, med namnet så heilagt at det ikkje ein gong kan uttalast.
Eit anna døme på åndskamp er soga om Job, og korleis djevelen utfordrar Herren, og vil sette Job på prøve. Job utstår mange prøver, men skrik til slutt ut si smerte til Herren, som sidan velsignar Job og gjev han livsmot og fred. Job får djupare innsikt i Herrens storleik og omsorg, medan djevelen slukøyra går tapande ut.
Og sjølvsagt er teksten som me høyrer i dag døme på direkte konfrontasjon med vondskapen.

Desse fortellingane speglar ein grunnleggande dimensjon i den kristne røyndomen: Me står i ein åndskamp i våre liv, i ein kamp mellom gode og vonde krefter, ein kamp mellom Gud og djevelen. Me er utfordra til å ta stilling, til å velje side, og til å handle ut frå våre val. Me skal sjølvsagt ta stilling til dei konkrete utfordringane og freistingane me møter i liva våre, for me gjer så lett urett både mot andre og oss sjølve. Me går no inn i den tida der sjølvransakinga på ein særleg måte skal leie oss til skriftemålet og forsoning med Gud og vår neste.

Men fastetida utfordrar oss også på det indre, åndelege plan. I denne tida oppmodar kyrkja kvar einskild truande til å fylgje Jesus ut i ørkenen. Me skal fotfylgje Herren, og ved å etterleve dei tre boda for fastetida, bøn, faste og almisser, tek me del i Jesu åndskamp. Me gjev oss sjølv motstand for å kome nærare på røyndomen som Jesus vil at me skal opne oss for, sanninga om våre jordiske liv som me først forstår rett når me ser oss sjølve slik Gud ser vårt tilvære. Det er den røyndomen som får Peter i 1. Petersbrev til å rope ut: «Vær edrue, våk! Deres motstander djevelen går omkring som en brølende løve og søker hvem han kan oppsluke.» (1. Pet. 5,8) Det er den røyndomen som får Paulus til å omvende seg på vegen til Damaskus, slik at han så og seie over natta byrjar å vedkjenne for alle og ein kvar at Jesus Kristus er Guds Son (Apg. 9,20) Og det er røyndomen sett frå eit himmelsk perspektiv som får Herren Kristus sjølv til å sei «Ikkje som eg vil, men som du vil.» (Matteus 26,39)

Me fastar ikkje fordi me trur at me klarar alle prøver like fullkoment som Jesus. Me fastar for å ta del i hans faste, hans liv, og for å sjå verda slik Kristus gjer, og slik vekse i erkjenning av vårt fundamentale behov for Herrens nåde. Jesus er den andre Adam, og der den fyrste Adam falt og slik førte heile menneskeslekta til fall, der står Jesus fast, og gjenreiser heile skapnaden til eit nytt liv i Gud. Vår heilaggjering er å vekse i innsikt og takkseiing over den nåden me har fått ved Jesu frelsesverk. Me skal fordjupe oss i det store offeret Jesus skjenker oss, og me skal vekse i åndeleg djupn, slik at kvar av oss på stadig sterkare vis kan leve som truverdige vitne over den nåden me har fått del i.

Me må våge oss litt ut i ørkenen no i fastetida. Kvar av oss er kalla til å legge vekk høyretelefonane og smarttelefonen, skru av skjermen, dempe det sosiale livet og alle overflatiske sysler, og oppsøke stilla, trekke oss bort til stader der me kan vere åleine med vår Herre. Charles de Foucauld, grunnleggaren av Jesu små brør, hadde er erfaring med ørkentilveret, han slo seg faktisk ned langt inne i ørkenen i Algerie, og levde som eremitt i ei steinhytte. Han hadde ei sterk lengting etter einskap med Gud, og der ute, midt i steinaudet, fann han ein skatt som han ville dele med alle. Vegen til skatten går gjennom ørkenen, og Charles de Foucauld sa det slik:
«Ein time om dagen, ein dag i veka, ei veke i året skal mennesket være i sin ørken.»

Jesus ventar på oss der ute i stilla, i det tilsynelatande livlause landskapet der me ikkje sjølv kan overleve av eigen kraft. Det er der, i vår avmakt og overgjevne til Gud, at me kan erkjenne Guds nådefulle allmakt.