I dag feirar me dei som har «tvettet sine kjortler og gjort dem hvite i Lammets blod» slik det vert sagt i openberringa. Ei underleg utsegn reint konkret forstått. All erfaring talar for at ei slik vask ikkje vert sjåande særskild kvit ut. Og like undrande kan ein stille seg til kva feiringa i dag eigentleg handlar om. Ved den menneskelege målestokken er me freista til å samanlikne, og er gjerne meir enn middels oppteken av kven som hamnar øvst og nedst ved bordet. Men for alle dei me feirar i dag var dette knekkande likegyldig. Dei hadde på eit punkt i livet sleppt dei menneskelege referansane, dei hadde slutta å samanlikne seg og måle sine merittar. Dei hadde berre ei kraft som bar dei. Dei elska Gud, og dei kvilte i hans kjærleik.

Og kvifor skal me i det heile tatt sei noko meir? Dette er det eine, endegyldige formålet for våre liv, og alle menneskes kall. Me er kalla til å legge våre hjarte i Guds hender, og med det alt som fyller våre liv: dei gledesfylte stundene og lukka når ho bankar på, og alle våre manglar, synder, all vår frykt og tvil, alt det gruffet i vårt indre som me ikkje sjølv vil erkjenne. Og difor er det også så inderleg viktig å sjå Gud som han er. Ikkje berre som noko me håpar å nå i ei fjern, uklår framtid, men her og no, i våre liv, i vår kvardag. Me treng å sjå Gud i det sanne ljos, slik at me kan ta sjansen på den overgjevinga Gud kallar oss til.

For korleis skal me kunne gje oss over i hendene på Gud om me ikkje er sikre på om Gud verkeleg tek imot oss? Korleis skal eg kunne våge å stille heile mitt liv ope for Gud om eg er redd for konsekvensane? Kva godt vil ein slik ottesam Gudsrelasjon føre til? Korleis skal eg klare å vedkjenne meg alle mine synder og alt mitt mørke om eg ikkje er fullt ut overtydd om at Gud elskar meg?

Allehelgensdag er ikkje ei feiring av merittar eller Guds bonus til dei som har lukkast best i åndslivet. Allehelgensdag er eit manifest over Guds kjærleik, og står som eit vitnesbyrd om at Guds kjærleik og vårt tilsvar er innanfor rekkevidde også i våre sårbare daglegliv. Me kan elske Gud, det er mogleg å legge vår sjels kjærleik i hans hender. Guds miskunn er ikkje eit ord, men Guds grunnleggande haldning til sin skapnad, også til meg og deg. Han elskar oss. Gjer me det til sanning i våre liv?

Når me les Saligprisingane treng me å ha dette omvendte perspektivet klårt for oss. Desse Jesus-orda er ikkje sjekklista for om me er gode nok. Det er fruktene av levande kjærleik, og det som spring ut av overgjevinga i Guds hender. Det er ikkje kravlista til om me er fullkomne nok, men livsvegen som faldar seg ut når me vågar å sleppe opp og gje Gud ein heim og eit handlingsrom i oss.

Salige er dei som veit seg fattige, høyrer me. Kanskje er det lettare for oss om me tenkjer på Jesus når me seier det?

Salig er Jesus, som veit seg fattig. Og salig er fattige eg som er hans ven.
Salig er Jesus full av miskunn. Og salig er eg som i Jesus vert tilgjeven.
Salig er Jesus, rein av hjarta. Og salig er eg; hans hjarteblod flyt i mine årer.
Salig er Jesus som sørger over våre såra hjarte, og salig er eg som kan dele mi sorg med Gud.
Salig er Jesus som gav seg sjølv i kjærleik, og salig er eg som ved hans gåve vart Guds barn og fann Guds fred.

Helgenane står for trona og prisar Gud, medan dei ber for kvar einskild av oss. Dei står der som teikn på ein djupare kjærleik, og viser veg mot vår overgjeving til den kjærleiken dei sjølv har erfart. Me kan avslutte med dagens lesing frå morgonbøna, der Paulus ber for dei truande i Efesos, slik han no ber for oss alle:

Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage.