Sannferdig tru

Lesingar for festen for Den heilage familie

På festen for den heilage familien kjem eg ihug ein visjon eg høyrde om. Det var fransiskanaren, dominikanaren og jesuitten som plutseleg såg Den heilage familie i eit syn. Fransiskanaren fall straks på kne og priste Gud for dette velsigna bilete på audmjuk fattigdom som strålte frå dei tre. Dominikanaren fall òg på kne, -han priste Gud for korleis familien på fullkomen måte spegla den trefoldige Gud. Jesuitten derimot, vart ståande litt før han gjekk bort til Josef, la handa om skuldra hans og spurte: «Så, Josef, kva skule har du tenkt å sende guten til?»

Når me i dag feirar den heilage familien, kan vinklinga somme tider bli litt glansbilete-prega, anten ein lyfter fram idealet av den audmjuke familien, eller ein ser for seg familien som ei spegling av den treeinige Gud, eller familien vert førebilete på kyrkja sitt liv og oppdrag. Alle perspektiva er legitime, men står på eit vis langt frå den konkrete røyndomen. For det er ikkje den perfekte familien me feirar i dag, det er eit hushald som er hardt prøvd frå byrjinga av, og som ber på sine sår.

For tenk berre på korleis det heile gjekk til. Samlivet mellom Josef og Maria startar med skandale og dårleg rykte. Maria er blitt med barn før dei er gifte, og kan risikere dødsstraff. Josef står att rådlaus og fortvilt og ser framtidsdraumen forvitre. Men englane ber bod til dei båe, og dei vågar seg ut på ein livsveg som fører til mange drama.

Då dei kjem til Betlehem finn dei ikkje rom for Maria som skal føde, og må søke ly i ein stall, ei fjellhole. Og like etter fødselen, etter gjetarar og vismenn og stjerneljos og englekor, vert dei kasta ut i uvissa i nattemørkret som flyktningar. Og sidan, når dei kjem tilbake frå sitt eksil i Egypt, vil dei måtte kjenne byrden av det som hende i Betlehem. Spedbarn vart drepne på grunn av deira eigen Son…

Og Jesus sjølv er eit mysterium for dei. Både Maria og Josef veit at Son deira er av Gud, men kan ikkje gripe det fulle omfanget, eller kva som er Jesu oppgåve. Han er annleis og seier det også. Maria finn att Jesus i tempelet, og seier: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» Men han svarar berre: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» (Lukas 2,48f). Då Maria kjem og vil snakke med Jesus i det han byrja sitt offentleg virke svarar han mest avvisande: «Kven er mor mi og syskena mine?» (Markus 3,35) Og når Jesus ropar ut sitt siste sukk på krossen vert også Simeons profetiske sanningsord til Maria verkelege: «-gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd.» (Luk 2,35)

Den heilage familien lever eit prøvd liv. Det som ber dei gjennom er ei sannferdig tru. Både Maria og Josef tek audmjukt imot sitt kall, og lever med ei lyttande haldning til Guds vegleiing. Dei er trufaste gjennom dei mange prøvingane, sjølv om det kostar dyrt, ja, sjølv om det går på livet laus.

Slik som Abraham held fast ved trua, ber Maria og Josef med seg mysteriet gjennom alle prøvelsar, ved Guds nåde, i kjærleik grunna i trua på Gud som vernar over dei.

Inkarnasjonsmysteriet sprenger banda som held menneske nede, og Jesu offer på krossen forløyser sanninga, slik Simeon profeterer til Maria i det han seier om Jesus: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.» (Lukas 2, 34f)

Som døtrer og soner i Kristus får me del i denne gåva som den heilage familie ber dei fyrste fruktene av. Ved Jesu kome får me del i trua, og Kristi openberring er også openberring av sanninga, både om Gud og om oss sjølve.

Kan hende kan det passe godt på årets siste dag, å reflektere over korleis trua ber våre liv, og tenke på korleis Gud har vore nærverande i våre gode og vonde stunder. Har eg erfart Guds nærvær? Har eg møtt Herren i messefeiring og liturgi? Gjennom nære relasjonar? Har eg opna meg for Guds stemme i gledesfulle eller vanskelege erfaringar? Og kva plass har sanninga i livet mitt? Vågar eg å opne meg endå meir for sanninga om meg sjølv? Vågar eg å dele ho med dei som står meg nære? Har eg vore open med Gud, anten det er i glede eller sinne, sorg eller med håp og fred?

Livet med Kristus er levd liv, og levd mysterium. Den heilage familie hjelper oss til å overgje oss og tre djupare inn i Gudsrelasjonen ved deira eigne vitnesbyrd. Maria ber fram Kristus til denne verda, og ho grunnar på mysteriet og gøymer sanninga i sitt hjarte. Saman med Josef er dei trufaste mot Guds ord, dei held det for sant, og lever etter det. Dei prøvar å svare på sitt kall etter beste evne, sjølv om dei ikkje kan gripe det heile alltid. Ikkje veit eg kvar Josef sende Sonen sin på skule, men ein ting veit eg: Dei som er foreldre til Guds Son vert rettleia og verna på sin veg med og mot han som sjølv er Vegen, Sanninga og Livet. Må Gud gje oss den nåden for kvar av oss og vår eiga framtid.

Francesco Mancini Den heilage familien kviler under flykten til Egypt.