12. søndag i ordinære kyrkjeår år C
Det er tilgjevinga som står i senter i tekstane i dag. David vedkjenner seg si synd ovanfor Natan, og vert skåna av Herren. Kvinna som har levd eit syndefullt liv let tårene renne over Jesu føter, og han gjev henne fridom og fred. Og Paulus viser til trua på Kristus for å vinne Guds rettferd og fridom.
Men kva slags plass har tilgjevinga i våre liv?
Av og til er det ungane som kjem med dei beste svara. Slik som søndagsskulelæraren som skulle prøve å lære ungane om tilgjeving gjennom skriftemålet, om anger, om ope å bekjenne alle synder ein kjem på, om bot og forsett om ikkje å synde meir. Mot slutten av timen ville ho sjekke at borna hadde fått med seg det viktigaste, så ho spurde: Kva må ein gjere for å få tilgjeving for syndene? Det vart stille, før ein liten gutestemme til slutt sa: «Synde?»
Trua vår kallar på ærleg vedkjenning av denne opplagte men tidvis krevjande sanninga. Me lever våre liv med synda som ein del av vår kvardag. Me let oss så lett freiste til å setje oss sjølv fremst, til bøye av når kjærleiken krev oss, eller me let oss leie av impulsar av så mange slag. Me misser så lett Gud av syne, me gløymer å be, eller nektar å vere lydige, det vil sei, å vere lydhøre, me stenger av ovanfor både Gud og dei rundt oss. Og me beskyttar oss, i frykt for andre sine synder som kan ramme oss sjølv, ja, kanskje også for våre eigne, eller i angst for å verte avvist, i redsle for ikkje å bli sett, reikna med, djupast sett elska. Mange av oss slit med nære relasjonar, med sår og smerte i møte med nokon som står oss nær, eller ovanfor nokon som treff våre ømmaste smertepunkt. Den naturlege reaksjonen er fight or flight, to former for forsvar. Men den kristne bodskapen overstig naturen. Trua vår utfordrar oss til å gå i møte, til å strekke ut ei hand, slik me bed i kvart einaste Fader vår, -forlat oss vår skuld, slik som me òg forlét våre skuldnarar.
Då Desmond Tutu saman dottera Mpho Tutu vitja Oslo i fjor snakka han om tilgjeving, og om korleis det å tilgje startar i det indre. Å tilgje kan ikkje vere avhengig av at nokon kjem og ber om tilgjeving. Det er ei indre rørsle, hevda han, ei omvending, eit sprang i oss sjølve, eit val. Å tilgje vil ikkje sei å late som om det som skjedde i fortida ikkje hendte. Det er heller ikkje ein rettargang med dom og soning. Å tilgje er å sjå ope på det som har vore, vedgå smerta og uretten det har medført, og trass alt dette velje å gå vidare saman så sant det let seg gjere. Nokre gonger er såra så store at ein ikkje kan ha meir med den andre å gjere. Det må så vere. Men hovudtrekka er tydelege: Å tilgje handlar ikkje om å sjå bakover, men om det som ligg framfor oss, samvandringa som held fram trass våre manglar, krenkelsar mot kvarandre, og sorga som fylgjer. Tilgjevinga opnar for ein ny start, for friskt mot, for nytt håp, for levande kjærleik. For fridom. Livet vert på nytt mogleg. Men kva når den som har gjort meg urett er meg sjølv? Korleis lever eg då? Korleis tilgje meg sjølv?
Vegen til forløysing kan vere kriseprega. Etter domsorda frå Natan fastar David i sju døgn. Ein kan vanskeleg tenkje seg korleis David har det i denne tida. Kvinna ved Jesu føter har allereie gått ein lang veg før ho har tatt valet om å legge livet sitt fram for Herren. Smerta over både synda og såra, anten det kjem utanfrå eller innanfrå, vekkjer ofte stor angst i våre liv. Men nett i dette møtet finn me den store, kristne fridomen som Paulus peikar på i dag. Frimodige skal me opne oss, trygge på at verda og eg sjølv står sjølv om alt vert lagt ope i livet mitt. Kierkegard seier det slik:
Naar angsten melder sig, da trækker ikke mennesket sig ikke tilbage, eller søger at holde den borte ved Larm og Forvirring, men han byder angsten velkommen, han hilser den festligt, som Socrates festligen svingede Giftbægeret, han indeslutter sig med den, han siger, som en Patient siger til Operateuren, idet den smertelige Operation skal begynde, nu er jeg rede. Da gaaer Angesten ind i hans Sjel og ransager Alt, og ængster det Endelige og Smaalige ud af ham, og da fører den mennesket derhen, hvor angsten vil.
Det er denne krafta som kjem til uttrykk i lesningane i dag. Gud kallar oss til forløysing ved å gå oss i møte slik han sjølv gjer det, det vil sei med eit ærleg blikk. Det er den nåden som David fekk då Natan konfronterte han med drapet på Urias, og det er den same nåden som driv kvinna ned for Jesu føter, der ho tør sjå seg sjølv med eit oppriktig blikk. Båe gret over sine val som har ført dei bort frå Herren, det er smertefullt, men Gud er den som tek del i smerta, og viser sin medynk og sin miskunn. Det er dette heile frelsesverket byggjer på og er grunnfest i: Emmanuel er her, Gud med oss…
Jesu ord om kvinna i Evangeliet er gåtefull. På den eine sida seier han at hennar synder er tilgjeven fordi ho har vist så stor ein kjærleik. I neste setning er det omvendt; graden av tilgjeving er avgjerande for graden av kjærleik eit menneske har. Men når han vender seg til kvinna sjølv er han klar. “Gå heim med fred.” Ikkje kva fred som helst, men Kristi fred, slik me tek i mot han i den eukaristiske bøna: Min fred gjev eg dykk. Eg lever ikkje lengre, men Kristus lever i meg seier Paulus. Det er som om Herren sjølv seier: Lev ut den tilgjevinga som eg no har skjenkt deg. I møte med din neste. I møte med Gud. I møte med deg sjølv. Her byrjar vegen til heilaggjeringa. I ei levande tru. I ein vekselverknad der fast kjærleik og tilgjeving femner kvarandre. Det er rettferda Gud syner oss i Sonen, -den fulle og frigjerande nåden, som tindrar som ei spegling av Gud sjølv.
– fr. Haavar Simon OP