Biskop Bernt Eidsvig har bede ei gruppe om å arbeide med omsetjing til nynorsk av det romerske missalet. I fyrste omgang er det snakk om messa sitt ordinarium samt dei tekstane som skal til for at messa skal kunne feirast på vanlege vikedagar, på sundagar, på dei viktigaste høgtidene og festane og på festdagane for dei norske helgnane. Seinare vil fleire deler av Missale Romanum verte omsette.

Gruppa sine medlemer er: Ola Breivega, Haldor Slettebø, Tove Bull, fr Arnfinn Haram o.p. og biskopen sjølv. Vi er alt klare med dei viktigaste tekstane og som ein del av utprøvinga, vart messa i Reinli stavkyrkje den 11. august feira på nynorsk.

At den katolske liturgien vert tilgjengeleg på den andre offisielle norske målforma (nynorsk), er ein viktig del av kontekstualiseringa av den katolske kyrkja i Noreg. Etterkvart bur det mange katolikkar også utanfor bysentra, på stader der nynorsk er vanleg målform i skuleverk, kulturliv og forvalting. I seg sjølv er det også ein del av kyrkja sin «katolisistet» (universaltet, fullnad) å ta opp i seg språk og kultur på alle stader der ho slår rot.

Legg igjen en kommentar