Sanningsvitne for vår tid


«Den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre, 33 den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus.» (Apg 13,32f)

Slik forklarar Paulus jødane og proselyttane i Antiokia korleis Guds frelseverk er førebudd og verkeleggjort gjennom historia, ei historie som innhentar Paulus sine tilhøyrarar i deira eiga samtid. Løfta er innfridd, frelsa er nær. Gjennom overleveringa av trua gjennom tidene har Gud førebudd si gjerning, og det held han fram med.

Gud har vore verksam gjennom historia, også for vårt folk og rike. Han har arbeidd møysommeleg gjennom hundreåra, og openberra sin frelsesveg for alle menneske. Det gjennom våre eigne forfedre at vårt land vart kristna. Heilage Olav samla vårt rike under Kristi segl, og sjølv vart han «Rex perpetuae Norvegiae», Noregs evige konge. Olavs verk, og hans frelsesveg, går gjennom avmakt og tap, vel så mykje som siger. Olavs blodoffer vert eitt med Kristi offerdød, der sigeren er å finne. Det kan passe å minnest den vel omtalte landgangen då Olav skulle stige i land frå båten, kanskje var det ute ved Selja. Ola sklei og sa: «Der falt kongen.» Men hans fylgjesvein biskopen svara: «Der fekk kongen feste i landet!» Det er audmjukinga som lyfter opp.

Det er eit perspektiv som me kan ta med oss også inn i vår tid. Det er ikkje i eiga kraft at me vinn fram i vår kristne tru. Me vert boren av Han som held alt i sine hender. Samfunnet vårt vert radikalt omstilt i vår generasjon. Det er for lengst over med einskapskulturen. Me har fått eit rikare mangfald. Men tru og ideologiar vender seg i mange retningar (ikkje alle like sunne), og interessekonflikter er ikkje til å unngå. Korleis skal me som kristne gå vår tid i møte?

Vår Herre oppmuntrar oss til å sjå til han, og feste lit til hans kraft. «Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!» (Joh 14,1) Me har ein veg å fylgje, ei sanning å halde fram, eit bodskap å bere inn i vår tid og vårt land. Me har ei tru som ber oss, og eit evangelium som er evig gyldig og som møter menneske på djupna. Frelse, fred, fridom ligg som skattar for all å oppdage og verte næra av. Alt dette er frukter av kjærleiken som me er kalla til å vitne om. Så lat oss frimodig gå fram i Heilage Olav sine fotspor, og vere sanningsvitne for vår tid.