Brør og systre!
Også i dag møter vi Johannnes Døyparen i Evangeliet. Han er adventstida sin frontfigur, jula sin portalfigur. Denne brumlebassen som liksom legg seg forstyrrande mellom oss og det søte Jesusbarnet.

Johannes er ein profet som vi kjenner dei frå den gamle pakta. Lenge hadde det vore stille i Israel; ingen profetrøyster, ingen syner, inga åndeleg fornying. Difor vekkjer det oppsikt når Johannes stig fram, talar med ord og teikn, talar med kledrakt og måten å vere på – som dei gamle profetane. Folket merka makta i orda hans; kanskje han er Elia, han som reinska landet for Baaldyrkinga og fråfall frå Israels Gud, han kom jo også inn frå ørkenen og tala bot? Eller kanskje han til og med er Messias; kongen og utfriaren, han som vi ventar på, han som skal kome, han som er etterlengta, han som er salva, han som –endå meir enn sin forfader David – er ”mannen etter Guds hjarte”..?

Men Johannes er berre forløparen, vegrydjaren. Han rydjar veg for Messias ved å forkynne bot, omvending. Og endå meir radikalt skal det forkynnast av Messias sjølv når han kjem: ”han skal renske treskeplassen fra ende til annen, og samle hveten inn i kornboden. Men agnene skal han la brenne i en ild som aldri går ut”. Ingen spøk, altså.

Av og til høyrer eg at bot og omvending og det evige alvoret – det er ikkje noko vi katolikkar skal befatte oss med, det er protestantane si greie. Det er ein underleg logikk, må eg seie. Ingen ting blir feil berre fordi protestantane gjer det; då måtte vi til slutt la vere å be Fadervår! Profetane og apostlane, Johannes døypar og Jesus sjølv kallar oss til bot: ”Vend om, Himmelriket er nær”, seier Jesus, sjølve bodskapen hans i ”kortform”. Det er ikkje bra å vere ”meir katolsk enn paven” heiter det seg. Og det er vel endå mindre tilrådeleg å vere meir katolsk enn Jesus.

Så Johannes utfordrar folket som kjem for å høyre på han. Dei som gjer bot, er ikkje ein spesiell krins av israelittar: det er det vanlege folket, av grovaste slag: Tolloppkrevarar og soldatar. Luringar, hardhausar og tvilsame patriotar. Johannes bodskap til dei er inga høgtravande dveling ved fine, åndelege prinsipp. Nei, det er ein konkret og direkte bodskap: ”Den som har to kjortler, må dele med den som ingen har, og den som har nok å spise, må gjøfre det samme”. Eller: Krev ikke inn større avgifter enn dere har rett til…; Press ikke penger av noen… Nøy dere med den lønnen dere får”

I dag ville han vore like konkret: Prestar, dominikanarbrør, akademikarar, forretningsfolk – kven det så er her i denne celebre forsamlinga; ja, vi veit kva han ville ha sett fingerne på. Nettopp i vårt kall, i vår livssituasjon. Og dersom vi lurer, kan vi ta ein tur i skriftestolen no i Advent. Der vert livet vårt tydleggjort og forenkla. Der stoppar våre utflukter.

Og endå hadde ikkje folket møtt ”Den sterkare”, som i Israel alltid er Gud sjølv, i sin Messias, i Jesus, son av Maria. Han skal ikkje berre reinse i vatn, men med eld, med Den Heilage Ande. Han skal ikkje berre få oss til å skjerpe oss på det ytre planet – han skal gripe djupt inn i livet vårt – og verkelg ”renske treskeplassen fra ende til annen”..

Han skal ta bort alle falske støtter, stenge alle falske utvegar og blindvegar, gje deg ei djup tru som du veit at du aldri kan svikte; ei djup sorg over det du veit er galt, og aller mest: ei djup glede over at du er hans, at du er eit kristent menneske. Då er du blant ”de som Herren har løst ut… De kommer til Sion med jubel, med evig glede om sin panne. Fryd og glede skal møte dem, sorg og sukk må rømme” (lektien).

Måtte vi oppleve det denne advenstida, denne julehøgtida!

Legg igjen en kommentar