Brør og systre! I natt feirar vi Den store venskapen – venskapen med alle ting, mellom alt som er. Jula har store dimensjonar sjølv om hendinga går føre seg i ei grotte, i ein stall. Det handlar om venskapen mellom Gud og alle hans skapningar. Det handlar om ein glad bodskap for ”alt folket”, ja, for heile universet, for heile kosmos!

Markene og stallen i Betlehem er eit ’mikrokosmos’ – der er englar og dyr, er er hyrdingar og vanlege folk, snart skal kongar kome dit, og alt samlar seg kring han som alle ting er skapte ved og skapte til! -Han som er Messias; ”Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste” (Jes 9) – sjå der ligg han i ei oksekrubbe, sjå der vert han tatt opp og lagt tett inn til eit morsbryst!

I denne vesle verda, i dette vesle barnet, opnar Guds veldige plan seg: ”for det var Guds vilje”, seier Skrifta, ”at heile hans fullnad skulle bu i han, og ved han ville Gud forsona alle ting med seg, det som er i himmelen og det som er på jorda..” (Kol 1,20).

Her vert den kosmiske venskapen og harmonien gjenoppretta, slik at alt og alle kan syngje saman med englane: Gloria in excelsis! ”Æra vere Gud i det høgste og fred på jorda, for menneske av god vilje”. Det er ein ”god vilje”, ei stor meining med alt som er til, alt er ikkje absurd, universet er ikkje eit evig mørkre! Vi skulle gå ut av kyrkja i natt og seie til stjernene, til naturen, til alle: Shalom! Fred!

Det er den store venskapen som gjestar oss den heilage natta; fordi Kristus er komen. Venskapen mellom himmel og jord, mellom Gud og menneske, mellom mennesket og alle andre skapningar! Ja, difor skal vi våge å tru på venskapen, på einskapen, på freden, på kjærleiken! Det er ikkje berre ein idé elller ein draum. Det er noko som har begynt, noko som er på gang, noko som spreier seg, noko som er sterkare enn døden, spliden og hatet. Difor skal vi lengte etter det, difor skal vi tru på det, difor skal vi sjå etter dei gode teikna, både nær oss og rundt oss –vi skal ikkje bli kyniske, harde og motlause.

Kjære brør og systre! I natt seier Gud til oss det vi lengtar aller mest etter høyre, både frå han og frå kvarandre:

-Så rekker jeg deg nå med glede min hånd/kom, skynd deg og gi meg den annen!”

Legg igjen en kommentar