Brør og systre!
I jula har vi feira ”Ordet som vart kjøt (menneske) og tok bustad mellom oss” (Joh 1,14). Kva slags kjøt, kva slags menneskenatur var det han tok på seg? –Det var den som Maria gav han. Ho var den bustaden han tok inni. Ho var det ‘tabernaklet’ som hyste han. Han vart avvist av folket, av dei mektige, det var ikkje plass for han i herberget – bortsett frå i Marias kropp og hjarte. Ho stilte seg til Guds disposisjon. Ho sa:- Ecce, Ancilla Domini! Sjå, eg er Herrens tenarinne!
Slik vart ho den nye Eva, mor åt alle menneske: ho er den sanne ”moder Jord” – den gode jorda, det gode, fruktbare jordsmonnet, den kontemplative, mottakande jorda – som ”høyrer”, som ”grunnar på ordet”, som ”gøymer det i hjarta”, som gjev det tid og plass, så det kan fødast, så det kan vekse.
Maria og Jesus høyrer saman, dei er knytte saman med ein navlestreng, bokstavleg tala. Difor høyrer han saman med alle som er komne ut av eit mors liv, med oss menneske. Han tok på seg vår natur, tok på seg synda og straffa for våre synder, vår konfrontasjon med Gud; tok på seg døden, tok på seg all sjukdom, all naud, heile den menneskelege eksistensen. Som vi høyrde: ”født av en kvinne, fra sin fødsel selv underkastet Loven, for å løskjøpe oss, ja, for å gi oss en plass som sønner” (Andre lesning).
”For å gi oss en plass som sønner”, for at vi skulle bli Guds born. Som ropar: ”Abba! Far!” For det er mennesket si ”bestemming”. Brør og systre, i dette året vil eg lytte etter kva røyst som talar i mennesket; i mitt liv, i menneska rundt meg. Kva røyst er det eg høyrer i einskildmenneske eg møter, og i samfunnet som heilskap: Kva slags ”rop” er det eg høyrer? Er det ropet: ”Abba! Far!”? Menneske, sei meg kven du kallar på , og eg skal seie deg kven du er! Menneska i dag er så ofte avstengde frå Gud, sin Far, sin Skapar. Men i alle røystene høyrer eg også ein fortrengt rop etter Gud. I år skulle eg ynskje vi kunne seie til menneska, i det vi talar, i det vi skriv, i det vi gjer, i de vi er: -Menneske, opn deg opp, sei dei forløysande orda, sei: -Abba! Far! Det skal forandre livet ditt!
Maria opna seg for Gud. Ho hadde framfor alle ”barnekårets ånd”. Denne unge kvinna i Israel. Difor kan ho også hjelpe oss med det – ikkje berre som ’forbilde’, men som forbedar. Ho som er ”all trøysts mor”. Ho som bed for alle sine born, ho som er ”alle kristnes hjelp”, men også hjelpar og forbedar for alle menneske.
I år skal vi alle på nytt stille oss under hennar forbøn: Landet vårt, folket vårt, dei vi særleg bed for og tenkjer på, alt som synest umuleg og ser stengt ut. For heile dette nye året, for alt som måtte vente oss, vil vi seie med orda i den eldste av alle Maria-bønene:
Sub tuum praesidium confugimus, Sancta Dei genetrix!…
Under ditt vern tek vi vår tilflukt, heilage Gudføderske. Ta nådig i mot dei bøner vi bed i våre trengsler, og frels oss frå alle fårer. Du evige møy, velsigna og herleg! Amen!