Kjære brør og systre!

Vi feirar Pinse, Andens høgtid. Det med Den Heilage Ande er ikkje så lett. Faderen, han kan vi ha tankar om; skaparen, opphavet. Og Sonen, Jesus Kristus, Gud, men også menneske, ein tydeleg person. Men Anden? Han er vanskeleg å få auge på. Ja, som det er vanskeleg å få auge på Livet; du ser at alt lever, men livet sjølv, sjølve livskrafta – ho er så nær at ho vert fjern. Du ser jo ikkje eingong ditt eige andlet dersom du ikkje speglar deg….Men like fullt er du til!

At Anden er sjølve livet, er meir enn eit bilete. For heile livet og alt som er til, er knytt til det kristne frelsesmysteriet heilt frå den fyrste skapingsdagen:

Då ser vi Ordet, Logos, skaparordet, som så å seie tek form i skaparverket, eit vink om at Ordet skal bli inkarnert, bli kjøt og blod.Det vi feirar i jula.

På den fyrste skapingsdagen ser vi også verda så å seie stige opp av kaosdjupet; ”jorda var aude og tom og mørker låg over havdjupet”, står det. Når vi feirar påske, feirar vi også skapinga, påskedagen er ein nyskapingsdag.

Og så står det: ”Guds Ande sveiv over vatnet.. Pinsa er der også, Guds Ande var der då alle ting vart til, og Guds Ande er nær i alt som er skapt, alt som lever!

Men Gud ville kome oss endå nærare, ikkje berre Inkognito, som i skapaverket. Han ville tale til oss, gjere oss til eitt med seg, gjere oss til sine born. Han kallar Abraham, han gjev sin Ande til Moses, til Aron, til profetane, til prestar og kongar, som eit teikn på Den store Kongen, Messias, han som er salva, utrusta med Heilag Ande.

Og alt dette peikar fram mot Pinsedagen i Jerusalem då ordet av profeten Joel går i oppfylling: ”Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrenen dykkar skal tala profetord; dei gamle mellom dykk skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner..”… ”Eg let teikn syna seg på himmel og jord; blod og eld og røyksøyler..” (3, 1f).

Det er dette som skjer på Pinsedagen, ein Herrens dag, når apostlane stig fram og talar, gjennom apostelfyrsten Peter, med tunger av eld som teikn, og tre tusen menneske gjer bot, blir døypte og kjem til tru på Jesus Messias; Ja, dei ”ser opp til han som dei har gjennomstunge”..som vi alle har gjennomstunge..

Det er Den heilage Ande som er Livet i kyrkja.
I sakramenta og liturgien, i karismane/nådegåvene og i dei ulike embeta, i bønene og i livet i den kristne fellesskapen, i heile det kristne folket, som er salva ved dåpen og ved ferminga til å vere prestar, kongar og profetar!

Gjennom kyrkja har nyskapinga av av heile skaparverket teke til! Gjennom kyrkja rører også Anden ved heile verda, heile skapningen; dødskreftene blir haldne i sjakk – heilt fram til den dagen då døden, ”den siste fiende”, endeleg er overvunnen, slik profete Esekiel såg det då han såg dei turre, døde beina i dalen. Då sa Gud til han: ”Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå eg let det koma livsande i dykk, så de livnar opp att!… Kom livsande frå heimsens fire hjørne og blås på desse døde mennene..” (Esek 37, 1ff).

Ja, slik skal kyrkja alltid be; -Kom, livsande frå heimsens fire hjørne og blås på desse døde mennene, på alt som er dødt! Særleg når ho feirar eukaristien. Kvar sundag, kvar messe er ein påskedag fordi Den Oppstadne er nær, men også ein Pinsedag fordi Anden kjem til oss! I den eukaristiske bøna bed presten, med utstrekte hender – og alt folket saman med presten: ”Helliggjør ved din Ånd disse gaver som vi bærer frem for deg”.. Og det er påkalling ikkje berre over brød og vin som skal forvandlast til Kristi kropp og blod, men også over oss, som også er Kristi kropp, corpus Christi mysticum! Derfor skulle denne bøna vere ei inderleg og innstendig bøn til Gud: Send din Ande over oss; over våre turre bein, over vårt svake liv, over våre bøner, over alle vi vil be for; ei bøn om nye kall til klosterliv og presteteneste, ei bøn kraft til å leve, om mot til å be.

VENI SANCTE SPIRITUS!; send ut din Ande, Herre, og vi vert skapte, og du fornyar jorda sitt andlet! Vårt andlet. Vårt liv!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen.

Legg igjen en kommentar