Den 7. desember, på vigilien for festen for Maria møy den reine, stilte seks musikarar og ein diktar opp for ein minneverdig kveld i St. Dominikus kyrkje.

Odd Nordstoga song kjente tonar frå Vest-Telemark, Stein Versto las eigne dikt og Benedicte Maurseth fylde kyrkjeromet med feleklang og overtonar, medan Anne Margaret Nilsen steva gamle Mariastev til vakkert tonefylgje av Trygve Beddari og Tov Ramstad. Peder Varkøy opna kvelden med ein gripande orgelimprovisasjon.

Dette vart ein kveld der alle baud på seg sjølv, og gav til kvarandre. Denne konserten flaut soleis over i liturgi, der alle lyfte kvarandre, og alle vart lyft til noko uendeleg vakkert.

Brørne er fyld med takksemd over gåva som vart skjenkt av og gjennom alle som tok del. Galleriet her under gjev eit glimt av stemninga som rådde denne kvelden. Alle foto (om ikkje anna er nemnd): Magnus Nyløkken (Copyright)