Onsdag 23. november var vår klosterkirke fullsatt av forventningsfulle gjester. Det ble en minneverdig kveld der Karl Ove Knausgård holdt et fengende foredrag (vi vil informere om når og hvor foredraget evt. kommer på trykk), etterfulgt av samtale med pater Haavar Simon Nilsen og Eivor Oftestad som også ledet samtalen.

Under kan dere lese pater Haavar sin innledning til kvelden, samt et knippe bilder fra samtalen.

Alle foto (om ikke annet står nevnt): © Magnus Nyløkken

Sanning under ein felles himmel

I kveld inviterer vi til ei felles drøfting retta mot sanning. Det finst eit nesten uendelig tilfang til ei slik samtale. Det er sanning i eit cellostykke av Bach. Det er sanning i dette kyrkjerommet. Det er sanning i ei ærleg samtale. Me er omgjeven av sanning på alle kantar. Likevel er det vanskeleg å sette ord på, vanskeleg å femne.

Som ordensbror i preikebrorordenen står eg i ein tradisjon som har hatt Veritas, sanning, som hovudmotto sidan grunnlegginga vår i 1216. I åtte hundre år har me diskutert, studert, meditert og kontemplert dette fundamentet for vårt tilvære. Bibelen har vore ei kjelde til fornying, som me høyrer eit døme på i 2. Mosebok:
«Herren er ein mild og nådig Gud, sein til vreide og rik på miskunn og sanning!»
(2. Mosebok 34,6)

Denne gamaltestamentlige proklamasjonen kulminerer i trua på Gud som gjer seg til menneske ved inkarnasjonen. Jesus kallar seg vegen, sanninga og livet, og gjev seg sjølv på altaret i sakramentet, der brød og vin vert kjøt og blod. Ut frå denne røyndomen rotfest i trua veks kyrkja si truslære fram, saman med etikken og morallæra, menneskesyn og heile verdsbilete.

magnus nyløkken copyrightTrua kan lett sjå ut til å stadfeste seg sjølv i ein slik grad at det ikkje er noko å tilføre. Som om kyrkja sit på sanninga og fasiten for alt. For å unngå eit slikt innsnevra perspektiv har kyrkja alltid halde fast at Gud alltid er større – Deus semper major. Han er skapar av alt, og alt i vårt kosmos ber såleis i seg sanning, eit vitnesbyrd om sitt opphav.

Dette avtrykket av Gud i alle ting gjer at kyrkja og dei truande alltid skal sjå vidare, strekke seg utover. Min eigen orden vart grunnlagt ved at ein enkelt mann inviterte folk til allmøte på torget, til teologiske debattar og argumentasjon, dåtidas Litteraturhuset om de vil. Kvifor? Fordi det er i samtalen og i mellommenneskelege møte, i logisk resonnement og i ei felles drøfting av vårt tilvære at sanning kan stå fram, ikkje einsidig og partisk, men heilt enkelt sann.

Det er berre Gud som har eigedomsrett over sanninga. For oss famlande menneske er det noko ein oppdagar, finn ut av, slik det speglar seg i det greske ordet aletheia, som betyr nett dette å avdekke. Like sikkert som me trur at naturvitskapen ikkje konstruerar men avdekker sanningar som allereie ligger nedfelt i alt som er, på same vis trur kyrkja at sanning er noko som avdekker seg i menneskets sjelsliv, noko som allereie er tilstades, noko me kan oppdage og ta del i, ei oppleving av røyndomen som ein objektiv størrelse som lever i oss, og som me kan leve ut i våre liv. Dette perspektivet gjev drivkraft til å søkje møtet mellom klosterlivet og omverda, eit møte der ein i fellesskap søkjer sanning.

Eg reiknar med at alle de som har komme hit i kveld har et ønske om å utforske dette sanningsromet. Kanskje vil me alle gå heim i kveld og sjå endå nokre fleire stjerner på ein himmel som er blitt litt større. Ver så god, Karl Ove Knausgård.