Forelder for trua

På denne festen for den heilage familie kan me spørje kvarandre: Er du forelder for di eiga tru? Vaker du over Jesus slik den aller fyrste kyrkja gjorde det?
I julehøgtida dveler ofte blikket på Jesus-barnet, håpet som endeleg vert oppfylt, Gud som vert eitt med oss. Simeon kan sukke forløyst: «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred, slik som du har lova. For mine auge har sett di frelse, som du har gjort i stand like for andletet på alle folk.» (Luk 2,29-31)

Det forløysande håpet er kome til vår verd, og me har fått sonekår i Sonen, barnekår hjå Faderen, og fridom i Den Heilage Ande. Men trua endar ikkje der. Ho byrjar i grunn heller ikkje der. Dagens evangelium held fram for oss eit alvor over trua som me kan ta med oss inn i det nye året.

I dag høyrer me om den unge guten Jesus, 12 år, som så å seie instinktivt har slått seg ned i tempelet der han stiller spørsmål og legg ut sanningar om Gud som får dei vise til å undre seg. Men Maria og Josef opplever det ikkje på same vis. Dei har starta på heimreisa frå Jerusalem, og fortvilar då dei ikkje finn att guten sin i reisefylgjet om kvelden. Det tek ei heil dagsreise for å kome attende, og fyrst tredje dagen finn dei han att. Dei kan knapt fatte det dei ser, deira eigen son midt blant eliten av teologar samla i den religiøse hovudstaden. Maria klarar ikkje å halde attende, og bryt ut: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt?» -og legg så til: «Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» (Luk 2,48) Det er ei ektefølt uro som har tynga dei.

Og dette er ikkje fyrste gongen Maria og Josef står rådlause og redde i møte med sin eigen son. Heilt frå den dagen i Nasaret då engelen vitja Maria har ansvaret og uvissa om framtida tynga dei begge. Maria kneler og tek på seg den ufattelege morsrolla, sjølv om ho ikkje forstår. Josef prøvar å gjere det beste ut av situasjonen med ei framtidig kone som allereie er med barn, men lyder engelen og går inn på ein veg som berre kan levast gjennom tru. Dei veit ikkje kva framtid som ventar. Dei forstår ikkje Guds vegar, men dei går like fullt i det som så fromt vert kalla ferdiglagte gjerningar, men som på ingen måte kjennest slik.

Dei deler med kvarandre sine erfaringar med syn og drøymer av englar. Dei ser med undring på gjetarar og vismenn som dukkar opp i det barnet er fødd. Dei høyrer profetorda frå Simeon og Anna, ord som veks inn i hjartedjupet, og som når tida er mogen skal forklare korleis alt heng saman, korleis heile livet deira hang saman.

Josef og Maria er dei mest trufaste truande bibelen fortel om, og dei går ein heil livsveg utan å forstå. Men, som det står, «mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt.» (Luk 2,51)
Og i mellomtida lever Maria og Josef saman med Jesus i den vesle familien. Dei oppdrar han, det er det same der som i alle andre heimar. Det er nattevak og bleieskift, tenner som klør, kusma og vannkoppar, det er små og store kvardagsdrama; tallerkenar som går i golvet, farlege, varme gryter, små forsvinningsnummer, ja, Jesus fekk seg vel ein og annan smell frå tid til annan når han snubla over dørstokken? Men gjennom alt det kvardagslege gjer Maria og Josef alt dei kan for at Sonen deira skal få alt han treng av omsorg og kjærleik. Dei bygger ein heim. Dei tek sitt foreldreansvar på alvor.

Slik vert Jesu foreldre førebilete for oss i vårt eige trusliv. Den fyrste, aller minste huskyrkja var prega av omsorg og kjærleg tilrettelegging for Han som skulle leie menneskeslekta til frelse. Som Maria og Josef hegna om Jesus i hans jordiske liv, slik har også me eit foreldreansvar i møte med eigen tru. Kristus kjem ikkje berre til ein stall i Betlehem. Han legg seg like ned i våre hender, og ber om at me skal bere han inn i denne verda.

Me skal vere heim og bustad for Guds Son, og legge til rette for at han skal få leve og handle gjennom oss. Slik foreldre formar livet etter borna sine behov, slik formar me våre prioriteringar i lydnad mot vår Herre. Gjennom bøn og liturgi, gjennom kunnskap og meditasjon, og gjennom levde relasjonar i tru skapar me rammer for at Jesus kan vekse i vårt indre. Dette gjeld ikkje berre i dei store vyane, det gjeld i alle ting. Våre val er viktige. Det har noko å sei at me får 5 minutt før messa til å roe oss og førebu oss. Våre morgon- og kveldsbøner er viktige. Me skal vokte over vårt moralske liv. Kvite løgner er kanskje meir grå enn kva godt er? Alarmlampene bør lyse når me seier til oss sjølve, åh, det er ikkje så farleg, eller ikkje så nøye.

For når det kjem til stykket er det kvardagsvala som formar oss. Vårt ansvar for trua grip inn i alle ord, gjerningar og prioriteringar i våre liv. Me står ikkje åleine med våre val. Midt i det heile bygger me ein heim for Sonen som skal vekse seg lesbar for oss sjølv og for dei me møter på vår veg, ikkje minst i dei næraste relasjonane! Det er inga enkel oppgåve å vere forelder for Jesus i eige liv. Men det er den oppgåva som gjev meining til livet!

Når me formar liva våre mot det målet å vere heim for Herren, då kling også julesongane med fornya kraft i sjela, forfatta av dei mange før oss som har bore Kristus inn i vår lengtande verd. Den heilage familie lever videre gjennom kvar levde Kristus-relasjon, slik det kling i ein av våre kjære julesongar:

 

Akk, kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn
Og full av lengsel sukke, kom Jesus dog her inn
Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt
Så skal du blive trolig, her i mitt hjerte svøpt.