Kongsmakta i djupet


Kristus er konge. Me hyllar vår frelsar og fylgjer vår leiar. Men kva slags konge har Gud gjeve oss? Det er i alle fall ikkje ein slik konge som fyrst vart salva i Israelsfolket.

På den tid då profeten Samuel styrte i Israel, i tida etter dommarane, vart folket utolmodige og sa til Samuel: «Gjev oss ein konge som kan styra oss!» (1. Sam 8,6) «(Han) skal rykkja ut framfor oss og føra krigane våre.» (1. Sam 8,18) Då Samuel vende seg til Herren med ønsket frå folket om å få ein ny konge møtte ikkje Gud ønsket med velvilje. Herren sa til Samuel: «Det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg. Dei har gått ifrå meg og dyrka andre gudar.» Gud let likevel innsette ein konge for Israel, men det ville ikkje bli ein mild konge. Israels nye konge ville krevje arbeid av heile folket, og dei skulle slave for sin leiar. Og Herren bad Samuel seie til folket: «Når den dagen kjem, skal de skrika høgt over kongen de valde. Herren skal ikkje svara dykk den dagen.» (1. Sam 8,18)

Herren svara ikkje folket, og når han endeleg svara Israel, var det ved å sende ein konge av ei anna verd, ein konge som let seg hylle på ein kross. Det var ikkje ein slik konge Israelsfolket ropa etter i si tid. Dette var ikkje hærføraren dei hadde sett for seg. Dette var kongen som døydde. Kva slags siger er det? Dette var ein konge som tapte. Kven kan stille seg bak ein slik konge?

Det kan dei gjere som vil vere som denne kongen. Å kalle seg kristen er å omfamne Jesus og hans veremåte. Å vere kristen er å ha det audmjuke sinnelag til konge. Det er å vrake alt som ikkje er sanning, miskunn og lydnad mot Gud. Vår konge heiter tolmod, rettferd, fred.

Det er denne kongen som har nådd inn til hjarta av røvaren som heng på krossen saman med Jesus. Det er denne kongen som får han til å seie til han som hånar Jesus: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen?» Denne røvaren har sett den fattige ånda og overgjevnaden til konge i livet sitt, og denne Herren får han til å seie: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!»

Det er det kristne sinnelaget røvaren viser i evangeliet i dag. Han har funne kongsmakta i djupet av seg sjølv, slik me høyrer klangen av i salmenes bok: «Offer for Gud er ei sundbroten ånd. Gud, du foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte.» (Salme 51,19) «Du gler deg over sanning i mitt indre, du lærer meg visdom i det løynde.» (Salme 51,8) Gud vigsla til slutt ein konge som rykker ut og fører krigane for oss. Og no kallar han på oss, og ber oss fylgje han i striden. Med Kristus i spissen skal me nedkjempe alt som trugar Guds kongedømme på jord.

På denne siste søndagen i året står også domen fram med tyngde. Me skal stå til rette for våre val og gjerningar. Difor er det også tida for å ransake oss sjølve, og ope spørje: kor må eg rydde plass for kongen i mitt liv? Kva er det eg held tilbake, kva er det eg ikkje vil rette på? Rydd veg for Herren, seier Jesaja. Ja, me skal rydde veg. Kristus kjem, og vil sjå sine med-herskarar fylt med sitt eige hjartelag. Me skal slå ned på hovmodet, likesæle, misunning, egoisme, hat og ufred. Me skal sjå sant på våre synder og manglar. Lat oss tilgi som vår konge tilgir. Lat oss søke fred, slik vår Fredsfyrste viser oss. Og lat oss ikkje vere redde. Me skal våge å møte dødskreftene i oss sjølve, fordi me har ein konge som har vunne over døden ved å gå gjennom han. Me overvinner ikkje døden. Me gjennomvinner han.

Så lat oss ære vår konge ved å leve sant kongeleg. Vår royale makt openberrar seg i Kristus, og i vår vilje til å fylgje han. Vår Herre, vår Gud, vår konge.

Mosaikk av Kristus – Hagia Sofia