Konsert med Odd Nordstoga onsdag 7. desember kl. 19.00

Den 7. desember, under vaka for Mariafesten den 8. desember, inviterer  Sankt Dominikus kloster til konsert med diktlesing, stev, sang og vakker feleklang i klosterkyrkja.
 

Billettar

Pris: kr. 250,-
[wp-svg-icons icon=»cart-3″ wrap=»i»] Billettar til sals på Ticketmaster.no
Dørene opnar kl. 18.30
 
Stad: Sankt Dominikus kloster på Majorstua, Oslo, [wp-svg-icons icon=»location» wrap=»i»] Se kart
 
Jomfru Maria har ein sentral plass både i folkemusikken og i kyrkja si tru. Dei mange stevtonane frå mellomalderen er som ein atterklang av dei gregorianske hymnene som har fylt kyrkjeromet med bøn og lovprising opp gjennom hundreåra. Båe uttrykk speglar kyrkja sitt djupe åndelege liv – åndeleg røyndom som held fram med å utfalde seg, i stadig nye former og uttrykk, som levande tru, som levande kjærleik.

Bli med på ein stemningsfull kveld der ord og tonar frå gamal og ny tid møtest

Odd Nordstoga syng kjente tonar frå Vest-Telemark, Stein Versto les eigne dikt og Benedicte Maurseth fyller kyrkjeromet med feleklang og overtonar, medan Anne Margaret Nilsen framfører gamle Mariastev til vakkert tonefylgje.
 

Program

  • Opning: Peder Varkøy: Orgelimprovisasjon.
  • Første del: Anne Margaret Nilsen, Trygve Beddari og Tov Ramstad: Tre Mariahymner
  • Andre del: Odd Nordstoga syng, Stein Versto les dikt, Odd og Benedicte Maurseth spelar.

 

Dei som er med

 


 

Spørsmål?

Ta kontakt med p. Haavar Simon Nilsen OP.
Mob: (+47) 958 73 504
E-post: haavar.simon@gmail.com
 
Arrangementet fell inn under aktivitetane under 800-årsjubiléet til dominikanarordenen. Les meir om jubileet her…
 
Overskotet av konserten går til fornying og vedlikehald av klosteranlegget.